Oppvask i kommunestyret: Mistillitsforslaget mot kommunedirektøren fall

Det gjekk ei kule varmt under handsaminga av rapporten som tok for seg Fjellgardane Skule i kommunestyremøtet i Bykle seist veke. Eit samla kommunestyre, med unntak av representantane frå Bykle SP, (Samla Sabotasje-Parti) tok rapporten til etteretning og uttrykte tillit til både skuleleiing og administrasjon.

«Eg fekk såvidt parkera limen utanfor rådhuset før rabalderet var i gong»

Seier ei opprørd Kari Nomeland Strømsøe, representant frå Uavhengig Konspirasjonsparti.

-«Me i SP har aldri hatt tillit til nokon, det kan då ikkje vere ei overrasking at me i dette møtet kom med dette mistillitsforslaget?», seier representant for SP, Steinar Haugen. «Eg kan heller ikkje minnast at me på noko gruppemøte har vorte samde om verken å vere konstruktive eller saklege i kommunestyremøtene – så dette burde ikkje sjokkere nokon!», framheld han.

Heilt utruleg

-«Det er heilt ufatteleg at ein representant med samvitet i behald berre kan parkere limen sin på utsida, for deretter å komme inn i eit seriøst møte og oppføre seg som ei vonbroten nøtteskrike», seier ein tydeleg opprørt leiar i LVK, Jon Rolf Næss. «Kva er det som gjer at desse representantane alltid er ute etter blod? Personleg et eg rå bjor når tørsten kjem. Dei er enkle å kvele utan verkty – og det beste av alt er at dei er gratis så lenge dei bur ute i naturen og ikkje har øyremerker som tilhøyrer grendelaget i Mosdøl», seier LVK-Leiaren. «Ein treng ikkje å drive personforfølging og psykologisk krigføring i kommunestyret for å slukke tørsten. Eg meiner det er skammeleg».

-«Jon Rolf undrar seg over kvifor de i SP, saman med representant Nomeland frå Konspirasjonspartiet alltid er ute etter blod når de deltek i møtene?» Spør Skinnfodølens journalist representant Åsmund Hoslemo frå SP. «Dette kjenner eg meg ikkje att i, skjønar du ikke ein dritt? Dette rådhuset er fanken ikkje anna enn dritungar og folk som ikkje har peiling. Eg som driv den største, viktigaste og mest seriøse bedrifta på heile sørlandet skulle då vel for pokker vite kva eg pratar om? Trur du ikkje? Me i SP vert alltid mobba av dei andre representantane, eg gidd ikkje å vere her meir. Eg dreg heim.», svarar ein tydeleg opprørt Åsmund Hoslemo medan han gjev dei ansette i firmaet sitt høglytt beskjed over telefon om at det ikkje er naudsynt å ut med traktorane for å brøyte før slapslaget når minst 50 cm i tykkleik.

Var medvitslaus under presentasjonen

-«…Dette handlar om dei svakaste i samfunnet», seier ein tydeleg prega Steinar Haugen frå talarstolen. Han var nemleg uheldig då han kom inn i møtet – snubla og slo hovudet i kaffibordet slik at han diverre var medvitslaus medan rapportens forfattarar heldt sine innlegg. Dette forklarar nok kvifor innlegget hans i følge tidlegare ordførar Kay Arne Jeiskelid framsto som «usamanhengande babling frå ein som heilt tydeleg ikkje har skjønt verken innhaldet i rapporten, eller kvar han er for den saks skuld».

Rota til konflikta

Kommunedirektør i Bykle, Karina Sloth Grindland seier til Skinnfodølen at ho ikkje er heilt sikker på kva årsaka er til at ho er så hata av dei tre representantane og dei fire-fem øvrige støttespelarane deira. «Eg har eigentleg inga forklaring, eller, vent litt! For kring to år sidan var eg og representant Nomeland tilfeldigvis innom Jokerbutikken i Valle samtidig då me var leie av å betale så lite for varene på Coopen på Hovden. Eg meiner – ei pakke spaghetti til kr. 9 på Coopen? Når det er så billig må det vere lureri i biletet, så då føler eg meg mykje tryggare på Joker i Valle der ei tilsvarande pakke kostar kr. 79. Men nok om det. Då me sto å skulle betale kom eg i skade for å kikke på Kari utan at eg på førehand hadde varsla henne om dette. Eg veit at ho reagera sterkt, då ho seinare den kvelden vart observera flygande rundt i lysløypa på limen sin, slik ho ofte gjer når ho har vorte utsett for ei alvorlig hending. Eg har sjølvsagt beklaga, men det ser ikkje ut til at representanten klarar å kvitte seg med hornet ho har i sida mi», seier kommunedirektøren.

Fredspipe

Det ser ikkje ut til at det vert ei løysing i kommunestyret i Bykle med det fyrste, men eit lite håp har dei likevel. Kari Nomeland og representantane frå SP har kalla inn til eit MBGA-møte (Make Bykle Great Again), på samfunnshuset fyrstkomande laurdag. Det ventast eit oppmøte på i alle fall tre-seks personar utover dei tre representantane, og programmet er fullt kvelden ut.

-«Det vart blant dei øvrige 10 representantane i kommunestyret beslutta å såkalla krasje dette MBGA-møtet for å forsøke å kome til ei fredleg løysing. Eg vil mellom anna ha med fredspipa eg fekk av Kåre Willoch i 89´, og Cannabisen syster mi dyrker heime i Egersund», seier Thor Bernhard Sagland, representant for KrF.

Me kan ikkje gjere anna enn å krysse fingrane for at partane kjem til einigheit, og at det også i framtida vil vere råd å stikke innom kommunestyresalen i Bykle for ein kaffikopp og ei god røe!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Sjukeheimen handla inn våpen
Neste innlegg Verdsvevlens i Bygland