Fire kattar, tre hundar, og ein dyrebutikk

Det mjauar, bjeffar, pip og skrik i stoga til familien Ropstad på Moisund. Det er knapt råd å settje frå seg kakefatet utan at det vert angripe av svoltne kattar og ukastrera dovendyr.

Vart teken

Eg angrar på at eg vart teken, det gjer eg

Det var ikkje fritt for at skjellsorda flaug både høgt og lågt då det for ei tid sidan vart kjent at dåverande leiar i KrF (Kristenfundamentalistisk Folkeparti), Kjell-Ingolf Ropstad hadde vorte teken i skattesvik. Han budde i pendlarleilighet i Oslo, medan han – i alle fall på papiret leigde eit rom heime hjå mor og far på Moisund.

Jesus er svært skuffa over at Kjell-Ingolf vart teken.

-Eg fattar ikkje at det er mogleg å vere så dum, det er heil utruleg. Både eg, mor hans og Jesus vart frykteleg skuffa då me fekk høyre at han hadde vorte teken. Me veit jo alle at det i Vegleiaren for kristenfundamentalistiske trussaffunn i Noreg; Bind 1 stend svart på kvitt at «…Lover og reglar gjeld berre for almuen. …For oss kristenfolket gjeld dei kun på papiret, men for å framleis kunne gjeve inntrykk av eit snev av truverdigheit blant dei øvrige truande er det viktigaste du gjer å ikkje verte teken i noko!» Til tross for dette vart han altså teken. Eg har aldri vore så opprørt og skuffa i mitt jordiske liv, seier tidlegare Evje-ordførar Bjørn Ropstad. Skinnfodølen har også forsøkt å få ein kommentar frå Jesus, man han har ikkje anledning til å stille til intervju då han for tida er oppteken med å ignorere ei sultkatastrofe i Afrika.

Reine dyrehagen

Det er nemleg ikkje utan grunn at familien no har huset fullt av banantjuvar, siklande lemurar og firfisler. Som ei direkte følge av at Knut-Ingolf vart teken og dermed mista stillinga si som leiar i KrF, måtte dei sjå seg om etter ei anna inntektskjelde. Då Eiken Dyresenter nyleg hadde blitt ombygd til Wenaasjakkeforretning med eiga treskoavdeling når pendlarbustadbomba eksploderte, og familien berre dagar i førevegen hadde vorte fråstole alle kattane av nokre hollendarar på noregsferie såg dei sitt snitt til å gjere ein god handel. Kjell-Ingolf, Bjørn, og tidlegare statsminister og langvarig ven av familien Kjell-Magne Bondevik sette seg i bilen og køyrde til Eiken for å hanke inn dyra som no vandra fritt i sentrum.

-«Forretningsideen er god, men det skortar førebels på kundane» seier Bjørn, og ler panisk mens han fiklar med medisindosetten.

-Korleis er det å vite at det på grunn av deg, og dine handlingar no er umogleg for foreldra dine å ete så mykje som ein Ballerinakjeks utan å måtte passe seg for søtsugne Ara-pappegøyer, spør Skinnfodølens utsente den tidlegare partileiaren.

-Det er klart det gjer meg vondt, absolutt. Ingen ynskjer vel å få høyre at eins eiga mor har vorte lagt i bakken og rana for alt av gull, kontantar og halspastillar av illsinte bavianar høge på rullekake og pulverkaffi frå FirstPrice? Eg angrar på at eg vart teken, eg gjer det, seier ein tydeleg prega Kjell-Ingolf. Eg skal i framtida sjølvsagt ikkje bli teken når eg gjer slikt som dette, dette har vore ein real lærepenge!

Sjølv om det er kaotisk i huset, vonar me at det også i framtida vil vere råd å køyre innom familien Repstad for ein kaffikopp og ei god røe.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Agder Energi med nytt namn
Neste innlegg Sjukeheimen handla inn våpen