– Kvifor høgt sjukefråver i Setesdal?
Hovden i Setesdal, 28. oktober – Det høge sjukefråværet i dalen har fått nye tonar. Etter månader med mystiske sjukemeldingar, har forskarar ved det nyopna Institutt for Ufrivillig Kulturpåverknad (IUK) konkludert: Folk blir rett og slett sjuke av for mykje folkemusikk og røykt sauekjøt.
Felefeber og suppesorg
– Eg var på veg inn på Coop for å handle mjølk til brausodden, og plutseleg kom det ein kar med munnharpe og spelte “Fanitullen” rett i øyret mitt. Eg vakna tre dagar seinare med lungekreft og personlegheitsforstyrring, seier ein lokal innbyggjar som ønskjer å vere anonym, og luktar sterkt av einer.
Rapporten frå IUK slår fast at ufrivillig eksponering for hardingfele i lukka rom kan føre til svimmelheit, ekstrem angst og akutt trong for å flytte til Arendal. Kombinerer ein dette med inntak av røykt sau – ofte servera i suppeform utan varsel på kommunale møte og grendelagsbasarar – er det ikkje rart folk fell frå.
Eliten på konferanse, arbeidsfolk på NAV
Samtidig som sjukefråværet stig, samlast eliten på den årlege Setesdalskonferansen – ein slags TED Talk med ruralt preg og PowerPoint. Her vert det klaga høglytt over “arbeidsmoralen i dalen”, medan dei sjølve ligg på spa med lavendelolje og sjukemelding for “strategisk utmatting”.
– Me må få folk tilbake i arbeid, sa ein lokal Høgre-politikar frå scena, før han tok ein pause for å hente seg inn etter ein krevjande lunsj med importert spekemat og lokal eplemost.
Øyreproppar og supperegulering
Kommunane i dalen vurderer no samla tiltak: Øyreproppar på offentlege stader, advarselsskilt ved munnharpeaktivitet, og streng regulering av mengda røykt kjøt ein kan blande i basarsuppene. Ein lokal entreprenør har allereie lansert appen “FeleFilter”, som varslar deg om nærliggande spelmenn og gjev deg fluktalternativ.
– Me må verne om folkehelsa, men også om folkesjela. Det er ei krevjande balansegang, seier kommuneoverlegen, som sjølv vart alvorleg sjuk etter å ha høyrt Hallvard T. Bjørgum på repeat under eit møte.
Me vonar at det også i framtida vil vere heilt umogleg å svinge innom ulile arrangement i dalen for ein kaffekopp og ei god, felefri røe.
