Ferdig med ei ny og breiare bru

BYKLE-HOVDEN: Etter år med passiv-aggressiv blinking med fjernlys, mistenksame Coop-blikk og ei stadig eskalerande konflikt om kven som eig fjellet, er det endeleg gjort eit grep for å betre samhandlinga mellom Bykle og Hovden: Ei ny og breiare bru på RV9. Brua, som no strekk seg majestetisk over elva som tidlegare fungerte som både fysisk og mental grense, er meint å binde saman bygdene – og folka – som har levd i skyttergravskrig sidan den store 17. mai-feiringsdebatten i 2003.

Høgtideleg opning

«Dette er meir enn asfalt og betong,» sa ordførar Hans Blattmann, medan han klypte snora med ein entusiasme som berre kan kome frå ein mann som veit at kommunekassa er så full at ho har fått eiga postadresse. «Dette er ei investering i samhandling. No kan ein hovdar og ein byklar møtast midt på brua og seie ‘god dag’ – utan å måtte vurdere å kaste både seg sjølv og kvarandre i elva.»

Brua er 11 meter brei, og har plass til både bil, spark, traktor og kjensler. Den er bygd med tanke på å tole både fysisk trafikk og emosjonell bagasje. Prislappen? 418 millionar kroner. «Det er ein del pengar,» sa Blattmann, «men me har valt å ikkje snakke om det. Det viktigaste er at folk kan møtast – og passere kvarandre – utan å mumle ‘typisk urbane Hovdarar’ eller ‘satans Byklarar’ med samanbitne tenner».

Stolt entreprenør

…fyrste gong me har fått i oppdrag å byggje ei bru som skal tole både vinterføre og bygdepolitisk spenning.

Jo Breivegen frå Hovden Hytteservice AS som har stått for byggjinga, tok imot skryt med verdig mine og eitt auge i kvar retning. «Me har bygd mykje,» sa han, «men dette er fyrste gong me har fått i oppdrag å byggje ei bru som skal tole både vinterføre og bygdepolitisk spenning.»

Brua har allereie fått kallenamnet ‘Fredsbanen’ blant lokal ungdom, som no kan køyre over til nabobygda for å spele volleyball utan å bli møtt med skeive blikk og spørsmål om dialekt- eller mangelen på ein. Kommunen har sett opp skilt med teksten: «Velkomen til Hovden – me toler deg», og på motsett side: «Velkomen til Bykle – me prøver.»

Opninga vart feira med felles grilling, der både hovdarar og byklarar måtte stå i same kø for ketchup. «Det var rart,» sa ein lokal ungdom, «men eg snakka med ein frå Hovden, og han var faktisk heilt OK.»

Neste prosjekt er ein felles benk ved elva, der folk frå begge bygder kan sitje og snakke om veret, villrein og korleis dei eigentleg likar kvarandre – men berre litt. Kostnadane for dette er bereikna til omtrent 76 millionar kroner og er venta å vere ferdig innan hausten 2033.

Me vonar at det også i framtida vil vere rom for ein kaffikopp og ei god røe i øvre del av dalen!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Nominerte til Folkelarmpris for folkemusikken i nedre Setesdal
Neste innlegg Setesdalskonferansen er viktig for oss