Her er det rom for å vere seg sjølv
Ein stad i Setesdal -I ein kjellar med vegg-til-vegg-teppe, vinraud skinnsofa og konstant sus frå ei sliten PC-vifte full av tjøre, sit 63 år gamle “Laffen” og tastar med ein intensitet som får både tastaturet og demokratiet til å skjelve. Her, mellom tomme Red Bull-boksar og ei samling DVD-ar med Alex Jones, har han funne sin fristad: kommentarfelta på Facebook.
– Eg likar å kalle det “mitt digitale friluftsområde”, seier «Laffen» og klappar kjærleg på tastaturet, som han har døypt “Sanningshamaren”.
Ein mann med misjon
Laffen er ikkje berre ein kommentator. Han er ein digital korsfarar, ein Gandalf i joggebukse om du vil som står i porten og ropar “Du skal ikkje passere!” til alt som luktar fakta.
– Eg har kommentert på kvar einaste sak om vaksiner, vindmøller og elbilar sidan 2009. Det er ikkje energi, det er tankekontroll. Eg har bevis, seier han og viser fram ei utskrift frå ein blogg med Comic Sans og 17 utropsteikn. I dag er han aktiv under alt frå artiklar om lokalpolitikk til oppskrifter på fårikål. Ingenting er for lite til å bli kopla til globalistisk maktovertaking og det han kallar landssvikarane i Arbeiderpartiet. Han har også sterke meiningar om barnehagar, elbilar, og folk som heiter Mohammed.
Kål = kontroll. Får = får ikkje tenkje sjølv. Det er openbart
– Visste du forresten at fårikål eigentleg er ein metafor for befolkningskontroll? Kål = kontroll. Får = får ikkje tenkje sjølv. Det er openbart, seier han medan han skriv «Så du vil la Bill Gates styre deg skjønar eg? HAHA IDIOTAR!!!» under ein artikkel om effektiviteta til koronavaksina.
– Eg seier berre det ingen tør å seie. Eg er som ein slags lokal Julian Assange, berre med meir fritid og mindre dusjing.
Ein trygg stad for hat
I kommentarfeltet får «Laffen» utløp for det han kallar “kjensler som ikkje passar inn i det moderne samfunnet”. Det inkluderer ein god dose rasistiske stereotypar, ein solid neve homofobi og eit godt dryss med kvinneforakt – alt servert med caps lock og tvilsam gramatikk.
-Då 5G vart utbygd i området her eg bur vart det plutseleg svært dårleg trekk i vedovnen. Ei tilfeldigheit? Neppe. No driv dei endå til å styrer veret med chemtrails slik at eg skal bli tvungen til å kjøyre elbil når eg skal handle nepe. Heldigvis er eg eitt steg framom, for eg smører Melange og kreftkjukepulver i panna annankvar tysdag for å motverke alle kjemikaliane «Djuptinget» («Laffens» namn på Stortinget red.anm.) prøver å kontrollere meg med! Diesel er det einaste som funkar, og eg vil heller døy heller enn å setje meg inn i noko elektrisk homo-tralle som berre brenn opp og stel identiteten min.
Koseleg, men farleg
På overflata er «Laffen» ein tilsynelatande koseleg kar med sans for heimelaga lapskaus og gamle westernfilmar, men under det lune ytre ligg eit ideologisk minefelt som eksploderar ved fyrste møte med meiningsmotstandarar og fakta.
– Eg har blokkert NRK, Wikipedia og fleire av sambygdingane mine. Eg treng ikkje woke, globalistisk trans-energi i livet mitt, seier han og viser fram ei liste over “fiendar av sanninga” han har skrive ut og laminera.
Ein slags varme
Trass i hatet, konspirasjonane og dei stadige truslane om å flytte til Russland, er det noko rørande ved Laffen. Han trur på noko. Han vil noko. Han vil berre ikkje at det skal vere sant.
– Eg har alltid hatt ein draum om å starte mi eiga nettavis. Eg har allereie laga logoen. Det er ei ørn som flyg over eit kart av Noreg med laserauge og hakekors rundt halsen. Det symboliserer sanning, seier han og tørkar ei tåre.
Eit rom utan grenser
Når vi spør kva han ønskjer seg for framtida, svarar han utan å nøle:
– Eg vil ha eit kommentarfelt utan moderering, utan reglar, og helst med ein knapp der eg kan sende folk som seier meg imot rett til Sibir. Det hadde vore demokrati, det.
Og med det avsluttar vi intervjuet, medan «Laffen» loggar seg inn på ein ny tråd om barnehagebudsjett og skriv: “Dette er starten på slutten. Landssvikarane og AP-ene forneikter seg ikkje!!! Vakn opp sauer!!!”
Her er det rom for å vere seg sjølv. Og for enkelte, er det nettopp det som er problemet.
Me vonar at det også i framtida vil vere mogleg å stoppe innom «trollsentralen» for ein kaffikopp og ei dum røe.
