Diskuterte verknader rundt villrein-tiltak: – Viktig å møte folk som blir påverka

VALLE — Det vart både politikk, pølse og påfallande mykje kaffi då Marius Arion Nilsen, stortingsrepresentant frå FrP besøkte garden til Kjell Ole Tveiten for å diskutere tiltaksplanen for villrein. Med var også Daniel Homme, som kom for å stø samtalen, men raskt vart dregen inn i det som utvikla seg til ein slags kombinasjon av bygdemøte og improvisert reinsdyrsymposium med stigande promille.

– Me må møte dei som vert påverka, sa Marius med gravrøyst og blanke auge, medan han balanserte ei brosjyre frå Miljødirektoratet og ein kopp med noko som definitivt ikkje var svart kaffi.

Kva han meinte med “påverka” vart raskt klart, då både Kjell Ole og Daniel hadde teke føre seg av gåvene stortingsrepresentanten hadde med seg, og difor tidvis fniste og lo medan dei synte langefingeren til eit portrett av leiaren i SNO i skjul.

– Eg kjenner meg påverka kvar gong eg ser fjellet, sa Kjell Ole og peika mot horisonten. – Eg meiner eg såg ein villrein, eller blinkar som me kallar dei i 2003, men det kan og ha vore ingenting.

Daniel Homme nikka og la til: – Me må verne om både dyra og retten til å kjøyre på tur utan å bli overvaka av drone og paragrafrytterar. Det er mykje stress for villreinen når folk kjem med turbukse og politisk agenda. Er det ein ting me setesdølar veit, så er det at om villreinen hadde fått viljen sin hadde det vorte meir scooter, ikkje mindre.

Marius prøvde å forklare tiltaksplanen, men vart avbroten av ein annan lokal bonde som meinte planen burde innehalde meir respekt for reinsdyras mentale helse og som også peikte på personvernet.

– Me kan ikkje berre gå rundt og sjå på dei. Dei har rett til privatliv, sa han, medan han demonstrerte korleis eit reinsdyr kan sjå krenkt ut. -Korleis hadde du kjent det viss det plutseleg kom eit helikopter inn i hagen din som byrja å fotografere medan kona di låg intetanande å bruna puppane? Har de forresten tenkt på dette med hevn-porno me høyrer så mykje om om dagen? Korleis skal reinen hantere dette når han som de veit ikkje ei gong kan skrive epost utan hjelp frå nokon utan klauvar?

Stemninga vart endå meir intens då nokon drog fram ein kartong merkt med «Final Solution», ei blanding av reinlav, raspa gulrøter og store mengder stryknin kjøpt på svartebørs i byen.

– Me må ha tiltak som gjer at både folk og dyr kan leve, og i nokre tilfelle døy i fred, sa Daniel, medan han prøvde å forklare korleis ein GPS og strategisk utplassering av skåler med den nemde Final Solution kunne løyse konflikta ei gong for alle.

Marius nikka og sa: – Dette er ekte folk. Påverka, ja, men ekte. Me i FrP står for friheit, valfri villrein og retten til å meine mykje på kort tid.

Møtet vart avslutta med ein felles skål for villreinen, fjellet og retten til å diskutere naturforvaltning med promille.

Villreinen er framleis taus.

Me vonar at det også i framtida vil vere råd å stoppe innom garden til Kjell Ole for ein kaffkopp og ei god røe!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Etterlyser sogestoff og gamle bilete frå kvardagshendingar
Neste innlegg Her er det rom for å vere seg sjølv