Etterlyser sogestoff og gamle bilete frå kvardagshendingar

Leiv Kvinlog (96) meiner bygda har gløymt korleis det såg ut før plastposen kom, og krev no innsamling av sogestoff frå tida då folk åt middag klokka 11 og trudde telefon berre var noko nymotens tull dei dreiv med i Amerika.

SETESDAL— Det byrja med ei nostalgisk lengsle etter ei svunnen tid. No har Leiv Kvinlog, redaktør for årsskriftet til Setesdal Sogelag sett i gong ei kampanje for å samle inn sogestoff og gamle bilete frå kvardagen — før kvardagen vart digital og folk slutta å bruke ord som “kveldsstell”.

“Dette er ikkje kultur. Dette er moderne tull”

– Eg såg eit bilete av ein traktor på Facebook, og tenkte: “Dette er ikkje kultur. Dette er moderne tull,” seier Leiv, medan han blar i eit album med svart-kvitt-bilete av folk som stirrar alvorleg rett ut i jordepleåkeren.

Han etterlyser bilete av folk som står og ser på at nokon slår gras, historiar om då folk gjekk til kyrkja i snøstorm og kom heim med ny kone som også var ei kusine, og dokumentasjon frå den legendariske dagen i 1954 då nokon ikkje møtte opp til gudsteneste og heile bygda samla seg for å lynsje vedkomande.

– Eg vil ha kvardag! Eg vil ha ekte liv! Eg vil ha bilete av folk som kokar graut og ser ut vindauget med apatisk tomleik, eg vil ha pietisme, og eg vil ha det no, ropar Leif medan han prøver å få ordlista til å lystre på ein Nokia frå 2006.

Kulturkontoret har allereie motteke fleire bidrag, blant anna foto av ein mann som stirrar på ein vedstabel frå 1941, ei dame som strikkar medan ho ber til høgare makter om å få lov til å leve i alle fall til ho fyller 29, og ein autoritært utsjåande katt som deltek på årsmøte i bondelaget, uvisst korleis.

– Me er glade for engasjementet, seier kulturleiar Magnhild Tveiten. – Men me må sortere ut bilete som berre viser folk som søv i stol. Det er mange av dei.

Leif meiner folk har gløymt korleis det var før alt vart dokumentert med emoji og filter. – Eg hugsar då eg var yngre og folk tok bilete med respekt. Du måtte stå stille i tre minutt og sjå ut som du hadde mista trua på framtida. Det var kultur!

Han etterlyser no sogestoff frå tida før kommunen fekk budsjett, og då folk trudde “Internett” var ein sjukdom du fekk av å lese for mykje.

Etter suksessen med innsamlinga planlegg Leif no ei utstilling kalla “Kvardag før glede”, der han vil vise fram bilete av folk som gjer heilt vanlege ting, som å vente på mjølkebil eller diskutere om potet er middag eller tilbehør medan dei røykjer og lagar klede til borna av asbest.

– Me må hugse kven me var, før me vart folk som tek bilete av kaffi og kallar det inspirasjon, seier han.

Me vonar at det også i fortida kan ha vore råd å kome innom for ein kaffikopp og ei god røe!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Kulturveka i Valle: Tekstilbileta på Rygnestadloftet trekte fullt hus
Neste innlegg Diskuterte verknader rundt villrein-tiltak: – Viktig å møte folk som blir påverka