Sauesjå: Kåring av verlam, gjetarhundopvisning og Food-truck festival

VALLE – Neste helg går det føre seg eit arrangement som på papiret handlar om sau, men som i praksis har utvikla seg til eit slags kulturelt eksperiment med ull som fellesnevnar. Sauesjået i Valle er tilbake – og det med kåring av verlam, gjetarhundopvisning og ein food-truck festival som får sjølv urbane matbloggarar til å vurdere flytting til Setesdal.

– Me prøver å halde det tradisjonelt, men det er ikkje lett når verlamet vinn på grunn av «augekontakt» og sauesmoothien sel best seier Oddvar Hovden, sjåansvarleg og uoffisiell saueambassadør.

Personlegdom viktigare enn ullkvalitet

I år er det ikkje berre kropp og krøll som tel. Dommarpanelet, samansett av ein lokal frisør, ein kulturjournalist og ein Husky med Instagram-konto vurderer også «utstråling», «ganglag» og «evne til å formidle indre ro».

– Det er ikkje nok å vere feit og fin lenger, seier frisørdommar Tanja. – Me ser etter lam som kan stå i motvind og få deg til å tru på framtida. Eit veirlam treng ikkje berre god og fyldig ull, men også ei underliggjande, seksuell utstråling og auge som seier at bakom krøllene fins det karisma til tusen.

Teknologi møter tradisjon

Gjetarhundane kjem frå heile Sørlandet og har trena på alt frå hjerte- lungeredning til gjeting med drone. Favoritten med det utruleg kreative namnet Lassie har fått rykte på seg for å kunne gjete enorme saueflokkar med berre blikkontakt og ein pote kraftfor.

– Han har innebygd GPS og kan kommunisere med sauene via kroppsspråk og telepatisk bjeffing, seier eigar Reidun. – Me veit ikkje heilt korleis det fungerer, men sauene følgjer han som om han var ein karismatisk sektleiar.

Frå fårikål til fusion

Mattilbodet har eksplodert. I tillegg til klassikarar som grillpølse og rømmegraut, kan ein no få «pulled lamb bao», «sauesmoothie med mynte» og «vegansk fårikål» – sistnemnde servert frå ein foodtruck kalla «Fårgasm» dekorert med kvistar og eksistensielle spørsmål.

– Me ville utfordre grenser, seier matansvarleg Sveinung. – Kva skjer når du kombinerer Setesdølar med med ukjend, vegansk mat og ein food-truck som spelar heismusikk? Me er førebudde på at det vert reaksjonar, sjølvsagt. Vegansk og Valldøl er to ord du ikkje ser i same setning så ofte, og me har dialog med beredskapstroppen hjå politiet på Evje i fall det skulle gå heilt gale.

Sauedans

Når mørket fell, opnar erverdige Bergtun Hotell dørene for sauedans der Åsmund Åmli miksar setesdalsdialekta med amerikansk countrymusikk som andre har skriva, men som han og Chat-GPT har dubba.

– Me ventar mellom 2 og 3000 gjestar seier hotellvert på Bergtun, Bjørn Erling Bakken Auestad. Han har sett av heile veka før sauesjået til førebuing av rotgrønnsaker og prepping av kjelar, for som han etter mange år i bransjen har funne ut; Valldølane vil ha jordeple og saus.

Me vonar at at det vert rom også for ein kaffikopp og ei god røe på sauesjået i Valle!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Tre kvinner fast i fjellet
Neste innlegg Kulturveka i Valle: Tekstilbileta på Rygnestadloftet trekte fullt hus