Tre kvinner fast i fjellet

BYGLAND – Det som først vart meldt som ein redningsaksjon, har no utvikla seg til ein politisk protest med fjellgeitpreg. Tre kvinner frå nedre Setesdal har teke bustad i fjellheimen og nektar å kome ned før kommunen offisielt avlyser planane om å plassere det sagnomsuste Langeidsverdet i rundkøyringa ved den nedlagde Shell-stasjonen.

– Me er ikkje fast i fjellet. Me er fastbuande, seier Magnhild “Mose-Maggi” Tveiten, medan ho rører i ei gryte med søtrot og tyttebærsaus.

– Bygland har fått for mykje asfalt i blodet. Me vil ikkje ha noko sverd midt i sirkulær trafikkflyt. Det er blasfemi mot både historie og topografi.

Sverd i rundkøyring – eit symptom på urban dekadanse

Langeidsverdet, som vart funne i 2011 utsmykka med mystiske symbol, gull og ein heilt eigen aura av vikingkraft har lenge vore eit symbol på lokal stoltheit, men då kommunen føreslo å plassere ein kopi i rundkøyringa eksploderte debatten som ein overmoden rakfisk.

– Det starta med gatekunst, så kom Teslaladarane. No vil dei ha Langeidsverdet i rundkøyringa. Kva blir det neste? Espresso-bar og Pokemonkiosk på kyrkjebakken? seier Ragnhild Hovet, som har bygd seg ei hytte av einer og torvmose.

Den tredje kvinna, Solveig Lande, har teke på seg rolla som fjellpostmeister og sender daglege brev til kommunen via ravn. – Me har krav. Punkt éin: Fjellheimen skal respekterast. Punkt to: Sverdet skal stå på ein sokkel av torv og respekt, ikkje mellom blinkande lys og bilhorn.

Kommunen svarar med oppmoding om dialog

Ordførar Runar Granheim seier kommunen tek saka alvorleg, men meiner kvinnene har misforstått intensjonen. – Me ville berre gjere rundkøyringa litt meir episk. Det er jo eit sverd! Det ropar “velkomen til Bygland, her kjem du ikkje ut utan kamp!”

Kommunen har invitert kvinnene til dialog over kaffi og søteple, men dei fjellfaste neiktar å kome ned før det vert vedteke eitt anti-urbant charter med paragrafar mot betong, blinklys og latte.

Fjellheimen som fristad

I mellomtida har kvinnene etablert ein eigen mikrokommune kalla “Fristaden Langeid”, med eigne lover, valuta (basera på molter og sivpoeng), og ein eigen lokal radiokanal. Dei har fått støtte frå fleire villrein, ein særleg sint tiur, og ein lokal kunstnar på rømmen frå Kunstsanatoriet på Landeskogen som har måla rundkøyringa som ei episk apokalypse i akryl.

– Me kjem ikkje ned før politikarane i Bygland tek til fornufta. Viss dei insisterer på sverd i rundkøyring, så krev me minst ein runestein i kvar busslomme, seier «Mose-Maggi», før ho forsvinn inn i ei hole med ein rasande tiur på slep.

Me vonar at det også i framtida vil vere råd å reise til fjells for ein kaffikopp og ei god røe!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Veksande skuleklassar øvst i Setesdal dei kommande åra: – Folk blir gravide her heile tida
Neste innlegg Sauesjå: Kåring av verlam, gjetarhundopvisning og Food-truck festival