Ikkje redd for litt konkurranse

HOVDEN: Det er mykje som skjer i fjellbygda Hovden for tida. For medan Rema 1000 pyntar med ballongar og “billig middag for to”, har to av bygdas mest smilande butikksjefar begynt å møtast i det skjulte.

– Me er glade for konkurranse. Det skjerpar oss, seier Terje Rogstad frå Coop og gjøymer sprittusjen han akkurat har bruka til å teikne ein karakteristisk «Hitlerbart» på eit bilete av av den nye butikksjefen på Rema.

– Ja, konkurranse er sunt. Det får oss til å tenkje nytt, stemmer Ane Erikssen frå Kiwi i medan ho heng opp ein plakat med teksten “Ekte Setesdølar handlar ikkje på sjøge-Rema!”.

Fraksjonsvirksomheit

Skinnfodølen har fått fleire tips om at dei to butikksjefane har hatt fleire “tilfeldige” møte i mørke rom, bakom frysediskar og tyggishyller der dei skal ha utveksla idear, frukt og delt ein felles visjon om at det for all framtid berre skal vere to daglegvarebutikkar på Hovden, sjølv om dei offentleg seier at dei ønskjer den nye aktøren hjarteleg velkomen.

– Me har ikkje noko imot Rema, absolutt ikkje. Me berre meiner det er viktig med lokal forankring og mindre ballongar, seier Terje medan han teikner ein sirkel rundt Remas varemottak på eit kart og skriv “bombe her”. – Me er som sagt for konkurranse. Me meiner berre det er viktig at det ikkje konkurrerast for mykje med oss som var her fyrst, seier Ane og bryt ei handlevogn i to av rein opphissing.

Auka beredskap

Butikksjef Trond Stokkedalen på Rema 1000 har hatt ei hektisk veke. Fyrst fann han ein ukjend, knallgrøn plastpose i varemottaket der innhaldet viste seg å vere ei heimelaga sprengladning beståande av kunstgjødsel, batteri og fleire boksar med den uetelege kakepynten «Sølvkuler» for å sikre maksimal skade. Den var også påmontert ein timer stilt til “torsdag kl. 10:00”, akkurat det tidspunktet opninga skulle finne stad. Dagen etter mottok butikken ei stor, innpakka gåve med kort der det stod «Gratulerer med opninga!» som berre inneheldt eit udefinert, kvitt pulver. -Me trudde fyrst det var melis me hadde fått til å lage opningskake med, men då den som opna gåva diverre døydde like etterpå fekk me innhaldet analysera. Det viste seg ved nærare inspeksjon å vere tett oppunder to kilo rein miltbrann i pulverform me hadde fått tilsendt.

– Eg prøver å halde roa etter alle desse hendingane, men det er vanskeleg når du får tre anonyme telefonar på rappen der alt du høyrer er tung pust før det brått vert lagt på. Det merkelege er at nummeret er registrert på Coop Hovden. Eg har sjekka. To gonger.

Trond opplyser vidare om at PST no er påkopla, men at dei ikkje har kome vidare i etterforskinga endå. -Dette er openbart utført av proffar, seier ein etterforskar som ynskjer å vere anonym. -Så sofistikera aksjonar har me ikkje sett sidan muren fall så vidt eg kjenner til. Me er usikre på motiv, men mistenkjer at det er konflikt rundt villrein som ligg bak, noko anna kan me ikkje skjøne. At nokon skulle gjere noko slikt av konkurransemessige årsakar neikter eg å tru. Seier han og kikkar nervøst opp mot Coop der gardinene på kontoret blafrar svakt før dei fell til ro.

Me fylgjer saka nøye, og vonar at det også i framtida er råd å reise innom handelsstanden på Hovden for ein kaffikopp og ei god røe.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Opning av ny Rema 1000: Tok med seg familien og flytta til Hovden
Neste innlegg Veksande skuleklassar øvst i Setesdal dei kommande åra: – Folk blir gravide her heile tida