Vil oppgradere Bygdeheimen: – Handlar om å forbetre tilhøva
VALLE – Etter fleire tiår med klokkestrengar, kommunalt golvbelegg og teleslynger på frifot har kommunen endeleg teke grep: Bygdeheimen skal oppgraderast. Og det skal ikkje sparast på pengane.
– Det handlar om å forbetre tilhøva, seier prosjektleiar og lokal entusiast, Kjell Ove Tveiten, medan han klatrar opp ein stige for å sjekke om taket faktisk heller eller berre prøver å rømme frå ansvaret.
Planane inkluderar i fylgje saksdokumenta
- Teleportasjonsrom for lynrask ferd mellom romma og dagstoga slik at det kan produserast endå fleire utskorne trefjøler og fuglekasser.
- Bingo med hologramversjonen av Bjøro Håland, som ropar ut tala med dramatisk intensitet.
- Aromaterapi via ventilasjonssystemet, med duftval som “Røykt og turka sau”, “Brunost i solnedgang” og “Kamferdrops på flukt”.
- Robotkattar som mjauar på dialekt og gjev varme klemmar ved behov.
Reaksjonar frå bebuarane
– Eg trudde eg var på veg til himmelen då eg såg den nye massasjestolen, men det var visst berre testversjonen som kasta meg ut vindauget, seier Åsmund (89), som for tida har fått fast plass i hagen. Han understrekar også at han vonar at kommunen endeleg kan avslutte bruken av Orkdalsmetoden for å hanskast med mangelen på bebuarrom.
– Eg har venta på dette sidan 1974. Då fekk me ny kaffitraktar, og eg sa: “Kva blir det neste? Flygande rullatorar?” Eg fekk på mange vis rett, seier Torbjørg, som no vil få sin eigen drone-assistent, og hjelp til å kome seg på Tik Tok.
Budsjett og finansiering
Oppgraderinga er estimert til 14 milliardar kroner, finansiert blant anna gjennom sal av munnhorpa i rundkjøyringa til ein privat investor frå Byglandsfjord, samt kutt i tilskota til slottekurs i kulturskulen. – Det er eit stort beløp, sjølvsagt, men dette skal me klare! Som bonus slepp me kanskje også denne evige felegnikkinga frå kulturskuleelevane i framtida, så her er det mange ting å glee seg over. Seier ein lykkelig ordførar i Valle, Lars Tarald Myrum.
– Dette er ikkje berre ei oppgradering. Det er ein revolusjon. Bygdeheimen skal bli ein destinasjon – ikkje berre ein endestasjon, seier Kjell Ove, før han forsvinn i ein sky av kakestykke og kommunale papir.
Me vonar at det også i framtida vil vere råd å komme innom dagstoga for ein hyggjeleg skjerefjølhandel over ein kaffikopp og ei god røe!
