Elevane på Hornnes barneskule dyrkar fram eigen mat: – Det er viktig at elevane får eit forhold til kor maten eigentleg kjem frå
Hornnes – I eit pedagogisk eksperiment som har fått både lokalavisa og Mattilsynet til å heve augnebryna, har Hornnes barneskule tatt skulekjøkkenet til eit heilt nytt nivå. Elevane dyrkar no sin eigen mat – ikkje berre gulrøter og poteter, men også meir «livlege» ingrediensar.
– Me meiner det er viktig at elevane får eit ekte, fysisk og emosjonelt forhold til kor maten kjem frå, seier lærar og sjølvutnemnd agrokurator, Rigmor Tveiten medan ho stolt viser fram skulehagen som inkluderer både urter, grønnsaker og ei lita innhegning med “pedagogiske høner” som spent ventar på å få flittige barnehender stramma til rundt kråsen.
Kvel med kjærleik
Det som starta som eit uskyldig prosjekt med å plante sukkererter, tok ei dramatisk vending då skulen innførte det dei kallar “matens siste reise”. Elevane får no opplæring i å “kvele maten sin med respekt og omsorg” – ein metode som ifølge Tveiten skal gi barna “ei djupare forståing av livets syklus og tacoens sanne pris”.
– Me hadde ein elev som gav høna si eit lite dikt før han klemde til. Det var rørande seier Tveiten, medan ho tørkar ei tåre og samtidig noterer ned “god bruk av Tarjei Vesaas, men diverre noko svak i klypa” i elevens karakterbok.
Frå jord til bord – og tilbake att
Skuleprosjektet har fått stønad frå både lokalpolitikarar og ei uklar EU-ordning for “radikal matpedagogikk” etter modell frå søraust-Asia. Elevane lagar no alt frå eggerøre til “etiske nuggets”, og fleire foreldre fortel at borna har slutta å ete pølser “fordi dei ikkje er trygge på at grisen vart lesen for då han var liten”.
– Me vil at dei skal kjenne på ansvar, seier rektor Oddvar, medan han demonstrerer korleis ein på humant vis riv hovudet av hønene med berre nevane for å sleppe slitasje på hoggestabben. «Tre er trass alt ein begrensa ressurs», minner han elevane om.
Sauehald og foodtruck
Neste fase i prosjektet inkluderer foodtruck og ein workshop i «halsgrep med påfølgande knivdrap av inngjærda sau».
– Det handlar ikkje berre om mat, det handlar om identitet seier Tveiten, medan ho serverer ein smoothie frå bakluka på den midlertidige foodtrucken til den kjende SP-profilen Margit Dale, laga på røykt sau og fire brauleivar.
Me vonar at det også i framtida vil vere råd å stoppe innom Hornnes for ein kaffikopp, og ei god røe!
