Japans ambassadør fekk smake sake frå Setesdal

SETESDAL – Det som byrja som ei høfleg kulturutveksling enda i ein diplomatisk dans på bordet då Japans ambassadør til Noreg, Hiroshi Tanaka, fekk servert lokal “sake” frå Setesdal – ein heimelaga blanding av gjæra einerbær, geitost og ein skvett med 96 % frå Øvre Lidi.
Ambassadøren, som trudde han skulle få smake tradisjonell japansk risvin, nikka høfleg og tok ein solid slurk. Etter tre sekund byrja han å snakke flytande nynorsk, improvisere haiku om villrein, og erklærte at han no ville søkje om setesdalsk statsborgarskap.
“Eg har aldri smakt noko så… eksistensielt,” sa Tanaka medan han stirra djupt inn i ein vedkubbe og kalla den ‘min bror’.
Vertskapet, representert ved lokalbonden og sjølvutnemnd sake-ekspert Oddvar Tveiten, forklarte at drikken var ein del av eit nytt eksportprosjekt kalla “Sake frå Sæbyggjen – med smak av fjell og forvirring”.
“Me tenkte: kvifor ikkje kombinere japansk eleganse med norsk galskap?” sa Tveiten, medan han demonstrerte korleis ein kan bruke flaskene som både drikkekar og snøskuffe.
Kvelden kulminerte med at ambassadøren og ordføraren i Valle spelte karaokeversjonen av “Take On Me” på munnharpe og lur, før dei begge vart observert i ferd med å prøve å melde Setesdal inn i FN som eige land.
Utanriksdepartementet har førebels ikkje kommentert saka, men ei anonym kjelde seier at “det kan hende me må opprette ein ny ambassade i Bykle”.
Me vonar at det også i framtida vil vere råd å svinge innom Japan for ein kaffikopp og ei god røe.
