Valldølane vil bli best i landet



I ei dristig og kanskje genial vending har Valldølane bestemt seg for å verne om kulturarven sin på ein måte som får sjølv dei mest konservative til å måpe. Med overtydande innsats skal innbyggjarane no kursast i kunsten å oppretthalde fordommar – eit tiltak formannskapet i Valle nyleg løyvde pengar til. «Det handlar om identitet, og skal Valle også i åra framover halde seg i toppen av Noregsligaen for fordumsfulle bygder krevst det ei satsing no,» kan me lese i møteprotokollen.

Det heile starta då bygda slo alarm om den skumle tendensen til openheit og toleranse som spreidde seg som brann i turr lyng. «Me kunne ikkje sitja roleg og sjå på at vår stolte kulturarv forvitrar,» seier den nyutnemnde kurshaldaren og bygdepuristen, Knut som ikkje ønskjer etternamnet sitt på trykk. «Valldølane har alltid vore kjende for sine solide meiningar og sin kraftige aversjon mot det som er annleis og nytt, og me kan ikkje la moderne straumdrag svekke dette.»

Kurset, med tittelen «Fordomsfullheit for framtida,» skal lære innbyggjarane dei finaste nyansane i kunsten å lukke seg for det nye og ukjende. Frå «korleis mislike naboen for sine eksotiske matvanar og utsjånad» til «å ignorere ungdomar med framandklingande musikk på øyret,» dekkjer programmet alt ein treng for å forbli urokkeleg i møte med forandring.

«Det handlar ikkje berre om fordommar, men også om tradisjonar, og ikkje minst traffikktryggleik» forklarar ein av kursdeltakarane. «Kva skal ein gjere når ein byfugl kjem dragande med cappuccinoen sin og attpåtil er så mørk i farge at vedkomande nærast er usynleg etter mørkets frambrot?»

Gjennom munnharpespel og demonstrasjonar av korleis ein på ekte Valldølsvis kan forklare homoar kvifor dei ikkje kan kle seg som påfuglar, vert deltakarane innførde i dei subtile teknikkane som held fordomane i hevd. «Det er viktig å ikkje gjere det for openbart,» seier kursinstruktør Oddvar Gravdal. «Me vil ikkje at folk skal tru at me er umoderne. Me berre hyllar det autentiske Valldølskapet.»

Kritikarar hevdar at kurset er både bakstreversk og lite berekraftig, men i Valle er entusiasmen på topp. «Det er vår plikt å vidareføre dette til neste generasjon. Spesielt hjå ungane i bornehagen ser me no ei stadig aukande trend av aksept for menneske som skil seg litt ut. I Valle er døra vid og porten høg, men ein stad må grensa trekkjast. Me har jo høyrt korleis ståa er i Amerika, med skuleelevar som ikkje vil bruke toalett men insisterar på å få bruke kattesandkasser som skulane vert pressa til å plassere ut i korridorane. Me ser nokre av dei same tendensane i Valle no. Seinast i førre veke fekk eg høyre at ein av gutane i 8. klasse på skulen hadde på seg ein rosa genser akkurat som om han var eit kvinnfolk. Me må stogge denne utviklinga fortare enn svint, elles tør eg ikkje tenke på kva for problem me vil få å stri med. Eg har også høyrt at nokre elevar neikter plent å dusje etter gymtimane då dei ikkje kjenner seg heime i kroppen sin. Kva skal gymlærarane sjå på då? Bilde på internett? Nei, denne galskapen må me stogge no!» seier Knut, medan han strør ein neve multer over frukosten. «Me skal syne resten av landet korleis ein verkeleg held på tradisjonane.»

Om Valle klarar å bli best i landet på å verne om fordomane, står att å sjå. Men ein ting er sikkert: Valldølane vernar om kulturen sin som best dei kan.



Me vonar at det også i framtida vil være råd å stoppe innom eit einsfarga og påfugllaust Valle sentrum for ein kaffikopp og ei god Røe.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Overraska korpset med ein halv million
Neste innlegg Startar ny Vippsbu