Redaktør og eldsjel i 75 år!

Skinnfodølens systerpublikasjon, Setesdølen er for mang ein sørlending eit kjent innslag i kvardagen. Bak denne kjempa av ei avis står det ein mann som har vore med sidan lenge før starten; Sigurd Haugskjær. Med sin skarpe penn, samt djuptgravande- og slagkraftige journalistikk har han saman med dei andre tilsette i avisa sett dagsorden i Skandinavia og omegn i ein mannsalder.

På benkane utom Coop på Ose møter Skinnfodølen Sigurd ein varm dag midt i september. Det er rykande varm kaffi på bordet, og drivaren av butikken, Vigdis Beisland diskar opp med heimerøykte svineknokar og skråblikk på det meste som skjer i kommunen.

– Du har vore med sidan lenge før start, korleis har tida i avisa vore?

– Eg ser tilbake på tida mi i Setesdølen med glede. Me har blåse lokket av mang ein kaffikjele, og det har storma i bedehusa rundt om i bygdene når me med rette har kritisera bakverk- og hekletøy på basarar og møte, men slikt må ein reikne med i gravejournalistikken. Av negative hendingar kan eg berre kome på eit døme. Det var på slutten av 90-talet, og mobiltelefonen var på veg inn i liva til stadig fleire. Ein mjølkebonde på Lidi tok ein samtale frå mobiltelefonen sin og ringde heilt til Amerika! Akkurat då dette hende var eg på veg for å dekke avdukinga av dei nye dørhandtaka i frikyrkja i Valle, og fekk difor ikkje laga ei sak på dette slik eg burde. Dette førte i ettertid til mykje kritikk frå abonnentane. Nokre av overskriftene i lesarbreva som verkeleg sette spor var blant anna «stillheita var øyredøvande», «journalistikk – kvar er du?» og «Setesdølen, ein parodi?». Me lærte mykje etter dette, og eg vil vere så freidig og seie at det vart med denne eine glippen.

– Apropos glipp, eg høyrde de for ei tid sidan vær nære å gleppe på ei stor sak frå bedehuset på Nomeland. Kan du fortelje litt om kva som hende der, og kva for redaksjonelle grep som vart tekne?

– Du har høyrt om det ja, seier Sigurd og skuler olmt ned i den halvetne svineknoken medan fingrane trommar i kaffikoppen som om det hadde vore ei skrivemaskin på høgkant. Det var slik at ein av dei yngre tilsette i avisa – sonen min faktisk, var i gong med å skrive ei sak om overgrepsproblematikk i jentegjengar på Bygland akkurat i det bomba small på Nomeland. Heldigvis vil nok mange seie, meg medreikna. Slike saker er ikkje folk intresserte i å lese. Dei vil ha hardslåande kvalitetsjournalistikk, ikkje heil trivielle og uviktige saker som ikkje fører til anna enn ubehag, og gjer at innbyggarane må nytte ein anna daglegvarebutikk enn den dei plar bruke, men tilbake til spørsmålet ditt. Raske med pennen som me er kasta me oss rundt og laga ikkje mindre enn tre saker om jubileumsfesten på Nomeland Bedehus. Det seier seg sjølv at når damene i bygdekvinnelaget har stått i timesvis og koka suppe ville det vere uhøyrt å ikkje dekke dette. Det var endåtil besøkande heilt frå Bykle i nord til Kristiansand i sør! Ei stor hending me sjølvsagt må prioritere å dekke breitt.

– At de er profesjonelle, det er tydeleg! Eg, og sikkert mange med meg har bite meg merke i at nyhenda kjem som kuler frå eit maskingevær etter at de byrja å publisere på Internett! Ein mandag eg køyrde oppover Setesdalen i midten av august for eg forbi ei rekke politisperringar, samt nokre brannbilar og ambulansar som sto å halvvegs sperra vegen for trafikk. Allereide laurdagen etter kunne eg lese nesten to heile linjer i ein notis på heimesida at det hadde vore drapsforsøk på Byklestøylane, og at dette var årsaka til det store blålysoppbodet! Det er tydeleg at Setesdølen ikkje er redd for utvikling!

– Ja, det å vere nærast dagsaktuelle med saker folk treng å vite om, og som folk er opptekne av, det er det me brenn for i Setesdølen! Seier ein tydeleg kry redaktør Haugskjær.

– Du har som nemt vore med heilt sidan starten, Sigurd. Korleis ser du på framtida?

-Eg skal vere forsiktig med å spå framtida. Me er riktig nok ikkje ei kristen avis – på papiret, men eg vonar Jesus hadde sagt opp abonnementet sitt fortare enn du kan seie Halleluja om eg hadde byrja å blande meg i hans domene. Framtida overlet eg til dei som har greie på det, men eg kan vel kanskje driste meg til å seie at det nok ikkje er utenkelig at me kan ha same praten att om 75 nye år. Seier Sigurd med glimt i auge.

Då svineknokane er oppetne, kaffikanna er tom, og dagen diverre er på veg over i kveld finn me ut at det er tid for å avslutte samtalen. Sigurd må dessutan vidare for å dekke ei stor sak dei har arbeidd med sidan før coronaen small – nemleg offentleggjeringa av resultatet etter det store anbodet på serviettar til Ose Turistheim som skal avgjerast i desse dagar. Me ønsker både Sigurd, og vår systerpublikasjon Setesdølen lukke til med framtida, og vonar at det også i åra framover vil vere råd å reise innom redaksjonen for ein kaffikopp og ei god røe!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Har støvsugd frukttre, bærbuskar og tyttebærtuer
Neste innlegg Ungdom i Bygland ønskjer seg metalldetektor til jol