Verdsvevlens i Bygland
Det vart sett krisestab på kommunehuset på Bygland tidlegare i kveld etter fleire meldingar om at det ikke var råd å kome seg på verdsveven verken frå kommunehus eller private bustadar.
«Nei, me kan ikkje utelukke sabotasje»
Sett krisestab
Det vart seint i kveld sett krisestab på kommunehuset i Bygland då det vart klart at verdsvevsutfordringane ikkje lot seg løyse på vanleg vis.
«Det er klart det går inn på ein når slike ting skjer», seier ei tydelig prega Signe Sollien Haugå medan ho hasta inn i beredskapsromet for å ta del i kriseteamets politiske leiing. «Me gjer alt me kan for at innbyggjarane skal få vevsaksessen attende, men fyrst og fremst må me finne ut kven som er ansvarleg», seier ho og lukker døra bak seg.
Frå sentralt plasserte kjelder høgt oppe i organisasjonen i Bygland Kommune får me vite at både ordførar og rådmann saman med sine respektive rådgjevarar også naturleg nok er tilstades inne i beredskapsromet.
Fiberen er borte
Det har frå kommunens side vore sterke føringar på kva for informasjon som slepp ut til media, men etter det me erfarer er det brot på ein såkalla «fiber» som er årsaka til bortfallet. Denne «fiberen» det her snakkast om er eit slags apparat laga av glas som fungerar omtrent som ein tunnel for overføring av heimesider og nokre gonger elektronisk post. Me erfarer at det er fleire teoriar rundt kva som kan vere årsaka til brotet, og heimesideansvarleg i Setesdal IKT, Dag Yngvar Moseid er knapp med orda når me spør om ei uttale.
«Er det ikkje dumt å byggje så viktige apparat som denne såkalla «verdsvevsfiberen» av glas? Ein skulle vel tru at den hadde vore langt sikrare, og mindre utsett både for tilfeldig skade og eventuell sabotasje om den hadde vore av eit eller anna metall eller godt armera betong?», spør Skinnfodølen heimesideansvarleg Moseid.
«Det er klart at når du seier det slik høyres jo det logisk ut. Eg stussar vel også på kvifor slike ting vert laga av glas, det toler jo ikkje særleg mykje. Dette må me sjå på, eg vil ikkje seie meir no.» Seier Dag Yngvar og set avstad mot hovudinngonga på kommunehuset med solbrillene trykt godt inn i augene.
Høyrde skot frå kommunehuset
Medan Skinnfodølen venta på oppdateringar frå krisestaben vart me gjort merksame på at det truleg hadde kome til væpna konfrontasjon i kontoret til ordføraren Sigbjørn Åge Fossdal då han under ein pause frå krisemøtet var i telefon med utanriksministeren for å drøfte verknaden av dei auka tollsatsane på rosemåla skåp som er venta å råke Bygland kommune hardt. Konfrontasjonen skulle i følge kjelda ha funne stad mellom han, og det me på eitt tidspunkt trudde var Signe Sollien Haugå då det berre få minutt tidlegare vart meldt at ho hadde entra ordførarkontoret.
Det synte seg derimot etter ei grundig gransking frå Skinnfodølens utsende at det berre var Signe som hadde fått los på ein raudrev frå vindauget på ordførarkontoret og difor hadde nytta høvet medan ordføraren var i telefonen til å sikre seg denne frå standplass i vindauget med den såkalla SP-Rifla. Denne rifla er som mange veit ein av dei mange gjenstandane folkevalde frå Senterpartiet til ei kvar tid skal bere på seg i henhald til partivedtektene, i tillegg til mellom anna tre boksar Snurring, høyballeplast nok til 40 ballar, og ikkje mindre enn 75 skjema for melding av rovdyrskade med tilhøyrande erstatningskrav.

Utelukker ikkje sabotasje
«Det ville ikkje vore fyrste gong at dei helvetes Evjedølane tømer beverlort i rosemålinga vår», freser ei rasande Vigdis Beisland. «Dei unner oss ikkje det aller minste, i fleire år har dei motarbeidd alt me har gjort. Kvifor kan dei ikkje heller fokusere på seg sjølve? Gudane skal vite at dei har sitt å stri med! Då eg diverre ikkje hadde nokon anna utveg enn å køyre tvers gjennom Evje førre veke såg eg at det framleis hang jolestjerner i to av vindauga i kommunehuset, og likevel meiner dei det er me i Bygland som manglar kontroll?!».
Skinnfodølen har det også frå sikre kjelder at andre i kriseleiinga peiker på mogleg Russisk sabotasje som ei årsak til vevsbortfallet. Årsaka skal vere at varaordførar Anne Eikerapen tidleg i september i fjor skaut hol i ein russisk ubåt ute på rekognoseringsoppdrag i Byglandsfjorden frå brygga ved Revsnes hotell. Ho har tidlegare kome med følgjande uttale til media: «Eg visste ikkje det var ein ubåt, me har hatt kval i fjorden tidlegare og eg ville difor nytte høvet til å skyte denne slik at Haugå Landhandel igjen kunne få kvalbiff i sortimentet. Det at russarane byggjer så skrøplege ubåtar at dei søkk etter ei god handfull skot frå ei grovkalibra jaktrifle skal då vel ikkje eg klandrast for?».
Det er framleis stor uvisse kring utfallet av denne saka, men me følger ho nøye og kjem med oppdateringar så fort me har dei. Trass all uvissa dette uventa angrepet på verdsvevstilgongen i Bygland kommune har ført med seg, vonar me at det også i framtida vil vere råd å komme innom ordførarkontoret for ein kaffikopp og ei god røe.
«
