Reagerer på nedlegging av tannlegekontor: – Eit tilbakeslag

SETESDAL – Det var ikkje mangel på politisk alvor då Thor Jørgen Tjørhom, Margit Dale og Kristin Ljosland (Sp) stilte opp til pressefoto etter nyheita om nedlegginga av dei siste tannlegekontora i dalen. Men det var ikkje politikken som gjorde dei alvorlege – det var tennene.

– Me tør rett og slett ikkje smile lenger, seier Dale med eit sukk. – Det er ikkje verdt risikoen. Eit skeivt glis no, og du blir lokal meme før middag.

På biletet ser dei tre ut som dei nett har fått vite at mjølk er ulovleg. Men sanninga er verre: dei har ikkje hatt tilgang til profesjonell tannpleie sidan juni. Tjørhom har byrja å bruke kvitlauk som munnskyll, medan Ljosland har investert i ein tannpirkar i sølv – «for å halde statusen oppe», som ho seier.

– Det er eit tilbakeslag for både folkehelsa og valkampen, seier Ljosland. – Eg kan ikkje smile på plakatane mine. Eg ser ut som eg prøver å selje gravferdstenester.

Kommunane har forsøkt å løyse krisa med mobile tannlegevogner, men den einaste vogna vart ombygd til foodtruck i fjor. Den sel no pulled pork og fluorvaflar utom Haugå Landhandel annankvar onsdag.

– Eg vurderer å lære meg å bore sjølv, seier Tjørhom. – Eg har ein gammal Black & Decker heime. Kor vanskeleg kan det vere?

Lokale innbyggjarar har byrja å eksperimentere med heimelaga tannfyllingar. Ein mann frå Bygland skal ha brukt brunost og epoxy med varierande resultat. – Det held til fest, men ikkje til frokost, seier han.

Politikarane krev strakstiltak frå staten, inkludert tannlegeambulanse, gratis tyggegummi med fluor og ein lokal kampanje kalla «Smil med lukka munn».

– Me må få smilet tilbake til Setesdal, seier Dale. – Men fyrst må me få tilbake tannlegen.

Me vonar at det også i framtida vil vere råd å stoppe innom lokalpolitikarane for ein kaffikopp og ei god, smilande røe!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Andakt: – Sonen som vart attfunnen