Svar på lesarinnlegg den sista tida

LESARINNLEGG: Av Runar Granheim, ordførar i Bygland og ufrivillig nærbilde-ambassadør

Ja, eg har lese dei siste lesarinnlegga. Eg har lese om parkeringsplassen ved Coop, om den mystiske lyden frå pumpestasjonen, og om sjakkelen som låg på gangstien og såg ut som ein trussel. Eg har lese alt. Eg har teke det til meg. Eg har tenkt. Og eg har svart.

Med andletet mitt.

For dei som ikkje har fått det med seg: Eg vart intervjua av systerpublikasjonen dykkar, Setesdølen, førre veke, og av ein eller annan grunn valde dei å trykke eit nærbilde av meg som var så tett på at du kan sjå kva eg åt til frukost i 1992. Eg har aldri vore så nært meg sjølv før. Eg ser ut som eg prøver å kommunisere direkte med netthinna di.

Og det er nettopp det eg gjer.

Eg treng ikkje skrive lange svar på lesarinnlegg når eg har det andletet. Det er eit andlet som seier: “Eg høyrer deg. Eg vurderer deg. Eg vurderer å vedta noko.” Det er eit andlet som kan stoppe ei kommunal klage med eit blunk og eit smil. Det er eit andlet som kan få ein sjakkel til å snu.

Folk har spurt: “Runar, kvifor svarar du ikkje på kritikken om dei skeive benkane ved Shell-stasjonen?” Svaret er: Sjå på andletet mitt. Det er der. Det er benkekrøll i panna mi. Det er nedlagd bensinstasjon i blikket mitt. Eg er kommunal infrastruktur, manifestert i hud og skjegg.

Neste gong du har eit spørsmål til kommunen, ikkje skriv lesarinnlegg. Berre hald avisa opp mot lyset og stirr meg rett i nasen. Eg lovar at du vil kjenne svaret vibrere i sjela.

Med venleg helsing Runar Granheim – Ordførar, andletsbrukar og kommunal telepat i Bygland kommune.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Fann levande historier i gamle rettsprotokollar
Neste innlegg – Kvifor høgt sjukefråver i Setesdal?