Setesdalskonferansen er viktig for oss

HOVDESTØYLEN – Med dressar dyrare enn årsløna til ein hjelpepleiar, brune nasetippar og solbriller som ser ut som dei kan stemme Høgre på eiga hand, samla eliten seg denne veka til det årlege ritualet: Setesdalskonferansen – der millionærar og maktmenneske kjem for å instruere politikarar i kva vedtak som skal gjerast, og for å sjå kvarandre i øyra medan dei nikkar taktisk.

Konferansen, som offisielt handlar om “strategisk utvikling og lokal samskaping”, er i praksis ein slags politisk drive-thru for næringslivet: du køyrer inn med ein visjon, og køyrer ut att med godkjend reguleringsplan, eit tilskot, og om naudsynt ei ny kommunegrense.

Hovden Skisenter

…Me har ikkje endra planane, berre flytta fjellet

Skisenteret nytta høvet til å presentere “små justeringar” i planane frå i fjor, som no inkluderer ein privat gondolbane til hytta til Roger Sørlie, ein helt ny afterski midt på Vidmyr med gullfontene, og ein ny reguleringsplan som fjernar alle krav om universell utforming og referansar til villrein.

“Dette er ikkje endringar, eg ville heller kalle det små justeringar,” sa direktør Ann-Torill Briksdal medan det vart servert prosecco frå ei drone. “Det er berre ei naturleg utvikling av intensjonen bak planen – og intensjonen var at me skulle få det som me ville. Vert ikkje dette godkjent legg me berre ned skisenteret og brenn opp grendehuset, men kommunen gjer sjølvsagt det dei meiner er best.”

Me lyer – til dei som har råd til å rope høgt! Seier ordførar i Bykle, Hans Blattmann

Ordføraren, som hadde fått ny dress med innebygd WiFi og stemningslys av nokre utbyggjarar på Lundane understreka at konferansen er ein viktig arena for “dialog og demokratisk samskaping”. På spørsmål om kvifor alle planane som vart presenterte allereie låg klare i ein perm merka “godkjent av sponsor”, svarte han:

“Det er viktig å vere føreseielege. Når nokon sender inn eit planforslag ville det vore svært uheldig om dei ikkje kunne vente at han vart vedteken, uavhengig av kva kommunestyret måtte meine.”

Ein lokal politikar som prøvde å stille spørsmål om konsekvensane for fastbuande, vart straks omringa av tre konsulentar med PowerPoint og ein kommunikasjonsrådgjevar som berre sa at ”Setesdalskonferansen har talt”.

Også for arbeidsfolket

Me fekk vaflar og beskjed om å ikkje puste for høgt

Utanfor konferansesalen stod ein gjeng lokale arbeidarar og såg på medan ein delegasjon frå Oslo diskuterte “rural innovasjon” over ein tallerken med lokal spekemat og importert trøffelmajones.

“Dei sa me var viktige,” sa ein røyrleggjar frå Valle. “Så fekk me kvar vår vaffel og beskjed om å ikkje lage lyd som kunne forstyrre kapitalstraumen.”

Viktig for kven?

Setesdalskonferansen er, ifølgje arrangørane, ein suksess. “Kommunen har forstått bodskapen vår, og det utan at me trong å bruke meir enn tre PowerPoint-slides og ein middag med reinsdyrcarpaccio,” sa ein representant frå næringslivet.

Neste år planlegg dei å utvie konferansen med heile tre ekstra “runke-ringar” for næringslivstoppane i dalen, samt ein workshop om “korleis du får kommunen til å endre på allereie fatta vedtak slik at du og venene dine kan tene endå litt meir pengar”.

Me vonar at det også til neste år vil vere råd å svinge innom Setesdalskonferansen for ein kaffikopp og ei god røe!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Ferdig med ei ny og breiare bru
Neste innlegg Fann levande historier i gamle rettsprotokollar