Fann levande historier i gamle rettsprotokollar

VALLE – Det byrja som eit heilt vanleg forskingsprosjekt. Ein kopp kaffi, ein støvete arkivkjellar, og ein forskar med doktorgrad i “semi-juridisk kulturarv med element av magisk realisme”. Men det tok ikkje lang tid før Dr. Margit Løyland innsåg at det ikkje var vanlege rettsprotokollar ho hadde funne.

“Eg trudde eg skulle finne litt om tjuveri av ved og kanskje ein slåsskamp på ein dans,” seier Løyland, medan ho blar i ein protokoll som omhandlar ei Tesla-leasing frå 1870. “Men så plutseleg dukka det opp ei sak frå 1743 der ein mann vart dømt for å ha teleportert seg sjølv og favorittgeita si til Evje – via ein spegel i fjøset.”

Sjokkerande funn

Protokollane avslører ei rekke saker som ikkje berre utfordrar norsk rettshistorie, men også grunnleggande forståing av tid, rom og almenn fornuftigheit. Ei sak frå 1821 omhandlar ein lokal smed som konstruerte ein dampdriven ordførar, som i fylgje protokollane tok over kommunen i tre veker før han eksploderte under budsjettmøtet. Ei annan sak frå 1899 skildrar ei kvinne frå Bykle som vart tiltalt for å ha hypnotisert heile bygda til å stemme på seg som klokkar og kyrkjeverge fordi ho ifylgje dokumenta «i lang tid hadde drøymt om å ringe i bjellene medan presten kom».

Det mest oppsiktsvekkande funnet er likevel kanskje saka frå 1767, der ein prest vart stolen og bruka som betalingsmiddel for ein ny låve. Retten konkluderte med at “så lenge presten er heil og kan preike, er han å reikne som gyldig valuta”.

Ordførar på frifot

Etter at funna vart offentleggjort, har ordføraren i Valle, Lars Tarald Myrum blitt mistenkeleg taus. Fleire observatørar merka seg at ordføraren vart merkbart bleik då Dr. Løyland nemnde ei sak frå 1767, der ein lokal embetsmann skal ha inngått ein avtale med en bjor og fire kanadajess for å sikre evig politisk kontroll – mot at han aldri forlét dalen. Protokollen omtalar ein “skalla mann med bjelle og kart, som dukkar opp kvart hundreår for å justere maktbalansen med bjørkeris og ei nærast parodisk røst”. Han vart seist sett på rådhuset, der han skal ha mumla “eg må på fjellet og tenkje” før han forsvann med ein sekk full av gamle kart, ein halv kilo brunost og eit kompass som berre peikar mot Tovdal. Kommunen har sidan meldt han “midlertidig utilgjengeleg grunna eksistensiell omstrukturering”.

Historia må skrivast om

Dr. Løyland meiner funna kan endre heile forståinga av Setesdal-historia. “Me har undervurdert kor unormal denne dalen har vore,” seier ho. “Det er som om folk her har levd i ein parallell versjon av Noreg, der logikk og lovverk har vore meir… fleksibelt. Og reinsdyr har hatt stemmerett.”

Ho planlegg no å skrive bok med tittelen “Teleportering og Kjøtsuppe: Rettshistorie frå Setesdal du ikkje trudde fanst”, og vurderer å søkje støtte frå Kulturrådet. Boka skal innehalde både originalprotokollar og interaktive kart over dei juridiske anomaliane i dalen, inkludert “den usynlege tingretten” på Byglandsfjord som berre dukkar opp når det regnar oppover.

Me prøvde å få ein kommentar frå kommunen, men fekk berre eit automatisk svar: “Ordføraren er i fjellet. Vennligst ikkje forstyrr den juridiske balansen.”

Me vonar at det også i framtida vil vere råd å stoppe innom tingretten for ein kaffikopp og ei god røe!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Setesdalskonferansen er viktig for oss
Neste innlegg Svar på lesarinnlegg den sista tida