Veksande skuleklassar øvst i Setesdal dei kommande åra: – Folk blir gravide her heile tida

BYKLE/HOVDEN:

Det er ikkje berre turistane som kjem i hopetal til Hovden. No kjem det òg ungar – i eit tempo som får både kommuneøkonomien og jordmødrene til å gå i spinn.

– Eg har bestilt fleire skulepultar enn det finst hytter i Bykle, seier ein oppgitt rektor. – Og det seier litt, for her er det fleire hytter enn folk.

– Eg vil ikkje seie at byklarane er «lausare» enn andre setesdølar, men noko må det jo vere som gjer at damene opnar hovudkvarteret berre gradestokken kryp under 0.

Vegvesenet merkar også godt denne dramatiske auka i fødslar, då gangvegane vert maltrakterte av ein armada med barnevogner. Etter eksplosjonen i fødselstala har asfalten fått så mykje juling at han no vert klassifisert som mjukmaterie. Lokale ingeniørar har føreslege å legge gummimatter, men då fekk dei straks passa sine påskrive av ein gjeng pensjonistar med rullator og brokkoli i veska.

Forskarar meiner årsaka er enkel: kombinasjonen av mørke vinternetter, tett hyttebygging og mangel på anna underhaldning enn peis og villreinsproblematikk. – I øvre del av Setesdal er folk stort sett sengeliggande frå august til mai då permafrosten og dei astronomiske prisane på skisenteret set ein stoppar for omtrent alt av aktivitet. Dei held varmen som best dei kan, og etter at KrF fekk inn ein representant i kommunestyret som fekk innført forbod mot prevensjonssal i kommunen har me no fått denne «babyboomen». Seier forskaren frå SSB som har leia undersøkinga.

– Det er som ein slags lokal variant av oljefondet, berre at kapitalen skrik og treng bleieskift, seier Bjørn Erling Bakken Auestad som sit i kommunestyret for Høgre.

Afterski-preik og babyboom

På Hovden har dei byrja å kombinere afterski med fødselsførebuing. DJ-en spelar «Baby Shark» mellom «Sweet Caroline» og «Livin’ on a Prayer», medan jordmødrene deler ut gratis smokkar i baren.

– Det er heilt genialt, seier ein lokal småbarnsfar. – Du kan, om pengane strekk til, bestille ein halvliter og ein epidural på same bong. Då er far fornøgd, og mor sluttar å klage.

Lokal reaksjon

På skulane har dei og sett seg nøydde til å legge om på timeplanen. Der er undervisninga delt opp i skift; morgonskule for dei som vart unnfanga sommarstid, ettermiddagsskule for dei som vart unnfanga på vinterstid, og nattskule for dei som vart unnfanga under Hovden Tour.

– Me er stolte, seier ordførar Hans Blattman, medan han deler ut babyselar utom Vinmonopolet på Hovden. – Ved å stø skisenteret med millionar av kroner kvart einaste år har me oppnådd det me ville; nemleg å sørge for å oppretthalde griskleiken hjå eigarane slik at prisane berre aukar år for år. Dei lokale har ikkje råd til å nytte tilboda, folk held seg heime, og dermed stig fødselstala- og skatteinntektene til kommunen. Dette er sirkulær økonimi i praksis! seier ordføraren. – Bykle er ikkje lenger berre ein destinasjon for ski og natur. Me er òg Noregs mest produktive fødestove – utan å ha sjukehus.

Me vonar at det også i framtida vil vere råd å stoppe innom bygdene i øvre del av dalen, sumarstid, for ein kaffikopp og ei god røe.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Ikkje redd for litt konkurranse
Neste innlegg Tre kvinner fast i fjellet