Opning av ny Rema 1000: Tok med seg familien og flytta til Hovden
HOVDEN: Det var ikkje planlagt. Det var ikkje rasjonelt. Det var tilbod på kyllingfilet.
– Me sat heime i Lyngdal og såg på Facebook at det var opningstilbod på kylling. Kona sa: «Så billig kan det ikkje vere.» Eg sa: «Det er Rema. Alt er mogleg.» Tre timar seinare stod me på Hovden med flyttelasset og ein frossen fugl i fanget, seier familiefar og spontanflyttar Glenn-Roger T. Høydal.
Eg har alltid drøymt om å bu nær ein ferskvaredisk
– Eg har budd ved fjorden, ved skogen og ved kyrkja, men aldri ved ein ferskvaredisk. Det er noko vakkert med å vakne med vissheita om at berre få meter unna er det ein open Rema-butikk med tilbod på jasminris, seier Glenn-Roger medan han stryk over ei pakke med kyllingfilet og ser drøymande mot kjøledisken.
Me er ikkje heilt sikre på kva som skjer
– Me opna butikken med ballongar, kake og gratis kaffi. Plutseleg stod det folk med flyttelass og spurde om me hadde ledige hyller til å bu i. Eg sa: «Dette er ein butikk, ikkje ein bustad», men dei berre nikka og sa «Perfekt», seier butikksjef Trond Stokkedalen.
Kommunen vurderer tiltak
Bykle kommune har sett ned eit utval som skal sjå på konsekvensane av «tilbodsmigrasjon». Ordførar Hans Blattman i Bykle seier; – Me er glade for tilflytting, men me må ha grenser. Me kan ikkje ha folk som flyttar kvar gong det er 3 for 2 på taco-lefser. Samtidig ser me eit behov. Folk vil ikkje lenger bu ved skule eller barnehage. Dei vil bu ved taco-hyller og grillpølse. Me må tilpasse oss.
Vidare planar
Glenn-Roger har allereie søkt statsforvaltaren om å få døype sonen sin i frysedisken, og kona har meldt seg frivillig til å vaske handlevognene med vatn frå Otra og heimelaga klutar.
– Dette er ikkje berre ein butikk. Det er ein livsstil. Ein visjon. Ei slags fjellbasert kapitalistisk pilegrimsferd, seier han og legg til:
– Eg har aldri vore så lykkelig. Og eg har aldri hatt så mykje, og så billig taco.
Me vonar at det også i framtida vil vere mogleg å svinge innom Rema-butikken på Hovden for ein kaffikopp og ei god røe.
