Statsforvaltaren fråråder oppdrettsanlegg for bleke

SYRTVEIT:
Etter fleire år med aukande solinnstråling, global oppvarming og ein eksplosjon i sal av spraytan (ein slags oransjaktig beis some brukar i andletet, red.anm), har Statsforvaltaren no overraskande sett ned foten: Det vert frårådd å etablere oppdrettsanlegg for bleke Syd-Setesdølar på Syrtveit.

– Me ser ei dramatisk nedgong i bestanden av naturleg bleike individ, særleg i sørlege delar av dalen der folk no går med shorts i mars og har D-vitaminlager som ville gjort sjølv ein torsk misunneleg, seier seniorforskar ved Setesdalsmuseet Ingebjørg Bjugsbakk. -For å oppretthalde bestanden av Setesdølar som minner meir om glasmanetar enn bunadskledde vikingar meinte me at oppdrett kanskje kunne vere løysinga. No ser det likevel ut til at dette ikkje let seg gjere, då statsforvaltaren plutselig vart sur og neiktar oss å starte. Det å samle dei beste eksemplara av bleike Setesdølar for så å avle vidare på dei var visst ein trussel for villreinbestanden då dei er fulle av næring som dei bleike treng. Seier ho, medan ho riv beinet av ein ederkopp som prøver å stele ei av kakene på bordet.

Kritisk blekenivå
Ifølgje rapporten “Bleik og skandinavisk” har talet på nordmenn med den klassiske blåbleike vinterhuda falle med 42 % sidan 2010.

– Det er ikkje lenger nok med ein skuggefull veranda og ein kartong kefir for å halde pigmenta i sjakk, seier Bjugsbakk. – Folk går ut, dei får farge, og plutseleg står me der med ein generasjon som trur “bleik” berre er ein type fisk.

Oppdrettsforsøket gjekk skeis
I fjor vart det gjort eit pilotprosjekt på Rennesøy i Rogaland, der ei gruppe bleike vart haldne innandørs med Netflix, potetgull og lysstoffrøyr.
– Me fekk fram nokre lovande eksemplar, men dei vart for passive. Ein av dei trudde han var ein gardintråd og me vart nøydde til å sende alle forsøksobjekta til Dronning Maud-land for destruksjon, seier prosjektleiar Oddvar Solheim.

Solkrem som motstandskamp
Statsforvaltaren oppmodar no til nasjonal dugnad.
– Me må verne om det bleike! Bruk solkrem med faktor 80, gå med hettejakke i juli, og sei nei til sydentur. Det handlar om kulturvern, ikkje komfort, men me skal greie det utan oppdrettsanlegg som øydelegg for villreinen på Syrtveit!

Genetisk krise
Fleire forskarar fryktar at bleikheten kan bli ein nærast utrydda tilstand innan 2030. Særleg på Rysstad i Valle har dette opprørt mange som er redde tendensen med mørkare fargevariantar dei har sett dei seinaste åra skal ta over fullstendig.
– Me risikerer at framtidige generasjonar berre kjenner til bleike gjennom gamle bilete frå konfirmasjonar og profilbilete frå Facebook av menn 50+ med nasen i kameraet, seier Bjugsbakk. – Det er tragisk. Bleikheita er ein del av vår nasjonale identitet. Som fårikål, berre med endå mindre smak.

Seiste ord i saka er endå ikkje sagt. Det er varsla omkamp frå museet, demonstrasjonar frå opprørte Setesdølar, og statsforvaltaren seier at dei er førebudde på tøffe forhandlingar, og om nødvendig også for rettsak.

Me fylgjer saka nøye, og vonar at det i mellomtida fortsatt vil vere råd å stoppe innom Setesdalsmuseet for ein kaffikopp og ei god røe!

Førre innlegg Andakt: “Kva skal vi få?”
Neste innlegg Full semje i kommunestyret: Ønsker «Kunstsanatorium» på Landeskogen