Full semje i kommunestyret: Ønsker «Kunstsanatorium» på Landeskogen
LANDESKOGEN, GRENDI — Etter fleire år med uro, uforståelege installasjonar og ein traumatisk episode der ein performancekunstnar levde som furukvist i tre månader, har kommunestyret i Bygland vedteke å opprette eit «Kunstsanatorium» på Landeskogen. Målet? Å hjelpe kunstnarar med å slutte med kunst som ikkje er kunst.
Kunstnarisk avvenning med utsikt
Sanatoriet skal ligge idyllisk til mellom gran og fredsmonument, og vil tilby intensiv behandling for kunstnarar som har gått seg vill i konsept og begynt å stille ut ting som «kjensla av vind» eller «ein lydinstallasjon basert på villreinens indre monolog».
– Me har sett nok no, sa ordførar Runar Granheim under det historiske kommunestyremøtet.
– Det var greitt med den installasjonen som berre var ein tom sokkel med ein QR-kode som spelte lyden av ein kunstnar som gret, men når folk byrjar å kalle ein overmoden banan med lausbart og fire frimerke for «eit sterkt symbol på sivilisasjonens fall», då må me gripe inn. Det er vår fordømte plikt, meiner ordførar Granheim.
Kunstnarane sjølve er delte
– Eg veit ikkje om eg treng behandling, sa biletkunstnaren, og tidlegare reality-deltakar Aslaug Moi Frøysnes som for tida bur i ein oppblåsbar iglo og kommuniserar kun med blikk og vifting med klutar. – Men eg kjenner at eg har mista kontakten med det som ein gong var ein pensel.
– Eg har prøvd å måle med ketchup, sykle gjennom lerret og rope dikt til Teslaladarane. Ingenting fungera. Kanskje eg berre skal måle ein båt eller eit kulturlandskap, sa ein resignert multimediekunstnar som ønskte å vere anonym.
Opning planlagt til neste vår
Sanatoriet skal etter planen opne med ein seremoni der alle deltakarane får brenne sine tidlegare verk i ein rituell eld, medan Verdas lengste korps spelar melankolske toner på ustemde instrument. Kommunen håpar tiltaket vil føre til færre klager frå innbyggjarar som har snubla i usynlege skulpturar eller blitt ropt etter av veggmåleri, utstoppa støvsugarar og sellerirøter utstyrt med joggesko og nikkers som «snakkar mot systemet».
Me vonar at det også i framtida vil vere råd å svinge innom Landeskogen for ein kaffikopp og ei god røe!

Kommentar til “Full semje i kommunestyret: Ønsker «Kunstsanatorium» på Landeskogen”