Politiet stansa fyllefest
BYKLE – Det byrja som eit stille minnemøte for det nyleg nedlagde levekårsutvalet. Ein kopp kaffi, eit par tørre kjeks og nokre nostalgiske sukk over gamle vedtak var det einaste på agendaen, men i løpet av få timar hadde stemninga snudd. Representantane gjekk frå dempa ettertanke til full feststemning, med dans på kontorpultar og konfetti i ventilasjonen. Klokka 03:12 vart politiet varsla om høglytt Odd Nordstoga-musikk frå opprørde naboar og ei mystisk lukt som kunne minne om norsk furuskog iblanda politisk desperasjon.
– Det lukta akkurat som det plar gjere utom stogevindauga til dei godt vaksne rullebrettentusiastane som har hybel i kjellaren min, fortel ein nabo. – Lukta minnar litt om frisk granskog og kvae, utan at eg heilt kan sette fingeren på det.

Midt i kommunestyresalen, blant velta kaffikoppar og Reidar Fritzvold-bilete med påtegna sprittusj-fallosar i fleng stod ordførar Hans Blattmann (AP) ikledd ein dress sydd av gamle budsjettdokument og ei kappe laga av ein bit av golvteppet frå salen. Med eit skrått glimt i auget og eit plastglas med lokal cider i handa, erklæra han at Bykle burde få nasjonaldag kvar torsdag. – Me har flagg, me har folk, og gudane skal vite at me har fritid. Kvifor ikkje feire oss sjølve oftare? sa han, før han gjekk vidare til å vedta støtteordningar for heimelaga akevitt og kommunal karaoke i entusiastisk samråd med dei andre representantane i utvalet.
Levekårsutvalet, som har vore nedlagt, vidareført og nedlagt igjen fleire gonger enn det finst rundkøyringar i Setesdal, hadde eigentleg ikkje noko møte på kalenderen, men då ein e-post med emnefeltet «Gratis pizza og rullekake med kaffi» dukka opp, samla dei seg som høgrefolk rundt skatteletter. – Me trudde me var oppløyste, men så vart det tal om rullekake, sa ein representant frå KrF som hadde teke med seg heimelaga saft og ein PowerPoint om farane ved prevensjonsbruk for anleidninga.
Etter kvart som kvelden gjekk, vart det klart at dette likevel ikkje var ein vanleg møtekveld. Karaoke-maskina gjekk varm, og leiaren av utvalet, KrF-representant Thor Bernhard Sagland vart observert i det han song «Grisen står å hyler» frå talarstolen medan han erklærte at Odd Nordstoga var nestemann på rangstigen, rett framfor Jesus, men etter Benjamin Netanyahu og partileiar Dag Inge Ulstein. Budsjettvedtak vart gjort på serviettar, og ei uklar mengde kvitvin frå kommunedirektør Grindlands hemmelege kontorpultkjellar vart konsumert under det etterkvart så mykje omtala møtet.
Då politiet kom, fann dei rådhuset i ein tilstand som best kan skildrast som «glitrande kaos». Ei mystisk lukt låg tungt over kommunestyresalen, og teknisk etat har no bede om ekstraordinære bevilgingar for å sanere romet. – Me har sett mykje, men dette var nytt, sa politibetjenten som var fyrst på staden. – Det var fleire svihol i teppet og cider i stoltrekka, men stemninga var i det minste god! supplerar han, og noterar «henlagt» på blokka si medan han tek handjerna av ordføraren.
Ordførar Blattmann har i ettertid sagt at han vil «reflektere over hendinga», men understrekar at det heile var eit uttrykk for levande demokrati og spontan lokal identitet. Han nytter også høvet til å takke for godt samarbeidsklima i det politiske miljøet i kommunen, og understrekar nytta av breie forlik. Levekårsutvalet er no planlagt vidareført – som podkast med episodar annankvar fredag, med gjestar frå både lokale lag og teknisk etat.
Me vonar at det også i framtida vil vere råd å svinge innom levekårsmøta i Bykle for ein kaffikopp og ei god røe!
