Israel-møte på bedehuset

EVJE – Torsdag 4. september samla Foreininga Israels Venner, indre Agder, seg på Evje bedehus for å dyrke det som etter kvart har blitt ein slags heilag treenighet: Bibelen, blå-kvite flagg og total politisk selektivitet.

Foredragshaldar Elin C. Elkouby tok salen med på ei reise gjennom kristendommens hebraiske røter – ei reise der historiske nyansar og moderne realitetar vart pent parkert ved døra. Publikum fekk høyre om korleis det er å bu i Israel i dag med fokus på tryggleik, truskap og det evige behovet for å forklare kvifor Israel alltid har rett – uansett. Det vart også rom for refleksjon rundt tema som «Kva for delar av bibelen ignorerer me, medan me fokuserer så veldig på andre delar?», «I kva tilfelle kan me sjå bort frå etikk?», og «Selektiv blindheit i det 20. århundre – Korleis, når og kvifor?».

– Me står skulder ved skulder med Israel, sa styreleiar Dag Refsnes, medan han elegant unngjekk å nemne ord som “okkupasjon”, “folkemord” eller “menneskerettar”. Det var ein kveld der det å stille spørsmål ved israelsk politikk ville ha vore like velkommen som ein FN-resolusjon i Knesset, eller ei kvinne i presteskapet.

Arrangementet baud på salmesong, kaffiservering og ei verdsforståing der Israel er offer, forsvarar og frelsar – alt på ein gong. Palestinarar vart nemnde i forbifarten, som ei slags ugrei kulisse i det profetiske landskapet. Det var ikkje rom for motstemmer, men plenty av plass til teologisk patriotisme og geopolitisk romantikk.

– Det er viktig å sjå Israel i lys av skrifta sa ein deltakar, og la til at “det som skjer på nyheitene ofte er forvirrande”. Forvirrande, ja – særleg når ein prøver å forstå kvifor ein stat med atomvåpen, USA i ryggen og høgteknologisk militærmakt stadig framstiller seg sjølv som den svake part.

Møtet vart avslutta med bøn for Israel – og ei stille takk for at ingen tok opp Gaza, Vestbreidda eller dei tusenvis av menneske som lever under dagleg undertrykking. På Evje bedehus var det ikkje plass til slikt, for på Evje bedehus dyrkast den selektive blindheita like mykje som trua på domedag. Der var det berre plass til truskap, kake- og kollekt til inntekt for dobbeltmoralens høgborg, eller Israels Vener – om du vil.

Ikkje ein gong me har i framtida lyst til å kome innom bedehuset for ein kaffikopp og ei god røe.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Generasjonsskifte i Setesdølen
Neste innlegg Japans ambassadør fekk smake sake frå Setesdal