Startar ny Vippsbu

BYGLAND – I ei tid der kommuneøkonomien heng i ein tynn tråd og statlege tilskot til bønder kjem sjeldnare enn sauen kjem heim frå fjellet, har ein lokal entreprenør teke grep: Han har starta Vippsbu.
– Det er som ei bu, berre utan bu, forklarar bonden, som ønskjer å vere anonym, men som alle veit kven er. – Eg sette opp eit skilt ved grinda: “Egg, honning og saueskinn – Vipps det du vil, Gud ser deg.”
Vippsbua har ingen kasseapparat, ingen kvittering og ingen kontroll. Det er, ifølgje bonden, “basert på tillit og eit lite snev av kreativ bokføring”. Kommunen har ikkje kommentert tiltaket, truleg fordi dei ikkje har råd til å sende nokon ut for å sjå på det.
– Me har ikkje hatt råd til ein ny printer sidan 2019, seier ein kommunetilsett. – Me vurderer å søke støtte frå Innovasjon Norge, men dei krev forretningsplan, og det har me ikkje hatt sidan Bjørgulv bokstaveleg tala for til heis med stuten.
Vippsbua har vorte ein suksess blant bygdefolk og forbipasserande turistar som trur dei har funne “ekte lokal kultur”. I realiteten kjøper dei egg frå Rema og honning frå Sverige, men det står “heimelaga” på skiltet, og det er det viktigaste.
– Eg selde eit saueskinn til ein tyskar for 1200 kroner, seier bonden. – Det var eigentleg eit gammalt bilsete, men han sa det var “authentisch”, så eg sa “ja”.
Statlege tilskot til bønder har vore tema i bygda lenge, men dei fleste har gitt opp å forstå systemet. – Eg søkte om støtte til gjerde, men fekk avslag fordi eg hadde brukt ordet “tråd” i feil kontekst, seier ein annan bonde. – Eg trur dei vil me skal gi opp og flytte til byen.
Vippsbua står no som eit symbol på bygdeinnovasjon: ein kombinasjon av kreativitet, økonomisk desperasjon og ein god dose sauelukt. Kommunen vurderer å innføre ordninga som offisiell handelsmodell, men ventar på svar frå Fylkesmannen – som truleg er på hytte utan dekning.
Me vonar at det også i framtida vil vere mogleg å svinge innom sauebøndene på Bygland for ein kaffikopp og ei god røe!
