Generasjonsskifte i Setesdølen

BYGLAND – Etter fleire år ved roret har den tidlegare redaktøren i vår systerpublikasjon Setesdølen takka for seg. Det skjer stille og verdig, som ei avskjedssalme på bedehuset – utan store ord, men med mykje mellom linjene. No tek nye krefter over, og lesarane kan glee seg til meir av det same, berre med endå færre spørsmål og endå fleire kaffikoppar.

Avisa har lenge vore kjent for å vere partipolitisk uavhengig og religiøst nøytral – i alle fall på papiret. I praksis har det vore ei trygg hamn for lesarinnlegg frå indignerte pensjonistar, reportasjar frå bedehusmøter der “stemninga var god”, og eit redaksjonelt innhald som minner meir om kyrkjeblad enn kritisk presse. -Me satsar framleis hovudsakleg på at det er lesarane som skriv avisa, medan me journalistar berre klypper og limer, seier den eine av dei to tilsette. – Me vil framleis primært dekke ein radius på omkring 500 meter rundt redaksjonen på Bygland, men ei og anna gong kan det også vere me lagar ei sak på noko lenger opp- eller ned i dalen om det hender noko som er anten så trivielt, eller så koseleg at det ikkje skaper unødig ubehag eller støyter nokon. Setesdølen skal, som ho allstøtt har vore, vere minst like trivleg og ukontroversiell som det å høyre Pål Plassen på NRK P2!

– Me ønskjer å vidareføre den gode tradisjonen med å ikkje tråkke nokon på tærne, seier den nye redaktøren, som helst vil vere anonym (son av tidlegare redaktør Sigurd. Red. Anm.) til han har fått godkjent fyrste leiarartikkel av soknepresten. – Me trur på dialog, fellesskap og å ikkje stille for mange spørsmål.

Journalistikk har dei seiste åra vore ein sjeldan gjest i spaltene, og det er venta at den nye redaksjonen vil halde fram med å prioritere saker som “Kakefest på bedehuset”, “Konfirmantar med godt humør” og “Lokale politikarar meiner noko, men me spurde ikkje kva”.

Kritiske røyster har peika på at avisa fungerer meir som ein lokal bekreftelseskanal enn som ein informasjonsformidlar. – Det er imponerande korleis dei klarer å dekke ei heil veke utan å nemne verken politikk, økonomi eller konflikt, seier ein lesar som har abonnert sidan 1987 og framleis ventar på sitt fyrste graveprosjekt. – Var eg interessera i kven som talar på bedehuset på Evje, eller kor mange svineknokar som vart etne på basar på Flateland kunne eg då funne ut av dette sjølv. Ein treng ikkje betale i dyre domar for ei avis som i beste fall kan samanliknast med intern firmapost hjå Indremisjonen, seier lesaren og grev seg ettertrykkelig i nasen. Han stadfestar likevel at han nok kjem til å halde fram med abonnementet, då det i fylgje han «liksom høyrer til når ein har røter i Setesdal».

Med ny redaktør på plass er det likevel håp om fornying. Det ryktast at avisa vurderer å innføre ei ny spalte kalla “Spør ikkje for mykje”, der lokale saker vert omtalt med maksimal varme og minimalt med fakta. I tillegg kan det kome fleire faste spalter som blant anna “Vekas bibelvers tolka av lokalpolitikarar”, «Misjonsnytt frå Sambandet», og «Eigedomsoverdragingar i himmelen».

Me vonar at det også i framtida vert mogleg å stoppe innom redaksjonen i Setesølen for ein kaffikopp, og ei ukritisk god røe!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Startar ny Vippsbu
Neste innlegg Israel-møte på bedehuset