Ungdom i Bygland ønskjer seg metalldetektor til jol
I fylgje Haugå landhandel på Bygland er salet av metalldetektorar til born og unge i sterk vekst. Berre dei seiste 3 månadane har salet av metalldetektorar auka med heile 13000%. Dette gjev naturlegvis klingande mynt i kassen for kaupmennene, men når ein ser på årsaka er det ikkje så lett å glee seg over dette seier butikksjefen til Skinnfodølens reportar.
Det har i det seiste vore ein del skriveri, spesielt i vår systerpublikasjon Setesdølen er temaet via kilometervis med spalteplass, om den etterkvart så berykta statuen av Bjørgulv og Stuten som Bygland fekk i gåve. Klare føringar frå kunstnarane om ønskt plassering og sterke meiningar i lokalsamfunnet har ført til uhanterbare sakshandsamingskostnader for ei frå før skrapa kommunekasse. Berre i september kosta denne striden Bygland kommune nærare 350 kroner, og dette merkast sjølvsagt i lengda. På grunn av alle kostnadane knytt til statuen har Bygland derfor måtta stogge all utbetaling av erstatning for rovdyrskade til bøndene i kommunen. Som mange veit er nettopp dette ei svært viktig næring i Bygland, og utan erstatningspengar sit hushaldningane att blakke og fortvila.
– Det er klart det gjer inntrykk på ein ordførar å sjå at born- og ungdom i kommunen må ty til metalldetektorar for å hjelpe foreldra med å finansiere middagen, seier ordførar Granheim. Men så lenge denne forbaska statuesaka ikkje er avklara er det diverre ikkje mykje me kan få gjort. No som me også har høyrt rykte om at statuen eigentleg er ei fordekt bombe gjer det sjølvsagt sitt til å komplisere høvet ytterligare.
– Ei fordekt bombe seier du? Kvar har de dette frå, og er det grunnlag for å tru at det er sanning i rykta?
– Eg vil ikkje gå nærare inn på det no, men me kan vel seie at når noko står skrive på Internett skal ein ikkje ta så lett på det. Eg kan ikkje seie meir no, seier ordføraren og set i veg mot kommunehuset der det etter det me erfarer skal haldast eit ekstraordinært krisemøte om statuesaka seinare i kveld.
– Me finn for det meste hårspenner, grytelok og gamle sykkelpumper seier ein av detektor-ungdomane me møter i vegkanten. Det krevst eit visst volum for at det skal bli pengar av det, men mat må ein ha. Mamma sit heime å fyller ut erstatningskravssjema så bleket sprutar, men så lenge statua tappar kommunekassen har eg ikkje store håpet om betring.
Dei einaste som kan sjå positive verknader av dette er skraphandlaren på Syrtveit. Han har omsett skrapmetall og gamle vikingøyredobbar for fleire hundre kroner dei seiste par månadane. Han har i det høve teke seg råd til ei veke på Mallorca, og er difor ikkje tilgjengelig for kommentar.
Me vonar at det i framtida – med, eller utan statue framleis vil vere råd å stope i Bygland sentrum for ein kaffikopp og ei god røe.
