Overraska korpset med ein halv million
Dei trudde ikkje det dei såg, musikkantane i Noregs lengste korps då den nyleg valde representanten frå Setesdalens Samvelde av Velforeningar (SSV) nyleg kom på overraskingsvisitt på ei av øvingane. Den utsendte bar også med seg gåver, nemleg ein stor sjekk på 500.000 kroner. Denne skulle altså musikkantane få hadde samveldet av velforeiningar bestemt.
– Det er dette me har arbeidd for heile tida, seier ei strålande fornøgd Signe Sollien Haugå som har vore sentral i arbeidet med å få denne gåva. Det er så godt å sjå at alle dei tallause timane endeleg gjev utteljing!
Bakgrunnen for denne store gåva er sjølvsagt at det i fleire år har vore kraftige strømningar i nær sagt alle velforeiningar i heile Setesdal der ein har hatt sterkt ønske om å begrense korpsmusikken til eit minimum. Då oppmodingar om spelestopp, frukt i trompetar og påkjøyring av klarinettar ikkje har hatt den ønskte effekta, vart det på samveldemøtet førre laurdag beslutta å ty til det største verktyget i kassen – pengar.
– No kan me endeleg slutte å styre med desse fæle instrumenta! Eg er endå til allergisk mot messing, så no skal det bli nydeleg å sleppe hovne fingrar og påverkarlepper store delar av vekene, utbryt ein av musikkantane lykkelig.
– Men er det ikkje fordi de likar å spele de held på med dette prosjektet? Spør vår reportar ein av musikkantane.
– Nei, langt ifrå! I kva univers er det nokon som faktisk likar korpsmusikk? Me har drive med dette mest for å ha ein stad å samlast for å prate saman og drikke vin, men utan pengar i korpskassen har me diverre også måtta ty til messingen for å skaffe inntekter. Det var ikkje før Signe kom på at det antageligvis ikkje berre er me som ikkje likar korpsmusikk at tankane byrja å kverne som nyolja trompetventilar. Me spelte i tide og utide både på 17. mai, joletrefestar, bryllaup- og gravferder, og til slutt kom altså endeleg dette vedtaket frå velforeiningane som me har jobba så hardt for. No vert det ikkje berre vin på møta – no vert det bobler også!
Me gratulerer korpset så mykje med både innsats- og premiering, og vonar at det no endeleg vil vere råd å samlast utan korpsmusikk, over ein kaffikopp og ei god røe.
