Har støvsugd frukttre, bærbuskar og tyttebærtuer

Det er ikkje berre fryd og gammen for fruktbøndene på Bygland om dagen. Etter at gamleheimen byrja med åpne vindauge i fjernsynsstoga om kveldane har nemleg svevestøvproblematikken vorte heilt utoleleg for bøndene. Skinnfodølen var nyleg ute og trefte nokre av bøndene, og at problemet er stort – det skal vere visst!

– Du ser jo kor gale det er!? Utbryt ein tydeleg forarga eplebonde på Bygland som ynskjer å vere anonym. Eg turkar gamalmannsflass og finmalen rulletobakk av søtepla fleire gonger om dagen, men likevel er frukten min marinera i Petterøe’s og kvite flak som luktar Head and Shoulders, (Ei slags engelsk såpe som skal begrense hamskifte i hovudbotnen. Red. Anm), nærast i same augneblink eg legg kluten ned att i bøtta. Difor har me no byrja å reingjere frukttrea med støvsugar tre gonger per dag. Hvis det er slik at ein vert redusera til støv i det ein rundar 80 kan ein i det minste vise omsyn til omgjevnadane og halde vindauga lukka! Utbryt bonden tydeleg forarga.

– Det må då vere eit forferdelig stort arbeid å støvsuge kvar einaste kvist fleire gonger per dag? Det må vel gå hardt ut over personalet, så vel som botnlinja? Spør Skinnfodølens utsende.

– Det er klart det gjer, men me har løyst det med innleige av arbeidskraft frå Grendi. Dei er korkje kravstore eller opptekne av moms, skattar og HMS. Me skal nok klare denne sesongen, men det er klart ein ikkje kan drive på dette viset i all framtid. Me har utfordra kommunedirektøren og vonar han kjem med ei løysing kanskje allereide i neste kommunestyremøte, seier den anonyme fruktbonden.

Kommunedirektøren i Bygland opplyser i ein SMS til Skinnfodølen at ein har sett på mange løysingar, men at det mest aktuelle pr. no er å gå ned same løypa som Bygdeheimen i nabokommunen Valle gjorde for eit års tid sidan. Han seier også at ordførar Runar Granheim allereide i det konstituerande møtet etter førre val løyvde 650.000,- til kursing av dei tilsette i helsesektoren i Bygland Kommune i den såkalla Orkdalsmetoden som eit ledd i sparetiltaka kommunen må igongsette.

Me vonar at når ei løysing ligg føre vil det igjen vere mogleg å svippe innom fruktbøndene i Bygland for ein kaffikopp og ei god røe!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Verdsvevlens i Bygland
Neste innlegg Redaktør og eldsjel i 75 år!