Sjukeheimen handla inn våpen

Det er ikkje mogleg å drive effektivt med så mange bebuarar over 90 år, det seier seg sjølv

Seier sjukeheimsbestyraren i Valle.

Etter ei kraftig auke i antalet bebuarar over 90 år på sjukeheimen i Valle såg leiinga inga anna løysing enn å ta saka i eigne hender. Det vart kaupt inn tre jaktrifler og ein panservernskanon som sjukeheimen no har nytta til å redusere antalet bebuarar med.

-Me ynskjer ikkje at nokon skal ha det vont når dei er såpass oppi åra, og me har difor ei god rutine på korleis våpna skal nyttast mot bebuarane når det er tid for å avslutte leigeførhaldet.

Naudsynt kompetanseheving

Som ei direkte følge av dei nye tiltaka vert samtlege tilsette puljevis sendt avstad på kursing hjå SL, Skarprettaranes Landsforeining. Her vil dei motta opplæring i bruk av våpna sjukeheimen har kjøpt inn, samt sikring, avvæpning og generell opprydding av skarprettarstaden etter utført oppdrag.

Nokre av dei tilsette har endåtil meldt seg på eit ekstrakurs i den såkalla «Orkdalsmetoden» der Arnfinn Nesset er instruktør.

Sjølv om bebuarantalet ved sjukeheimen framover vil vere synkande, ser eg det ikkje som umulig at det også i framtida vil vere råd å kome innom dagstoga for ein kaffikopp og ei god røe.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Førre innlegg Fire kattar, tre hundar, og ein dyrebutikk
Neste innlegg Oppvask i kommunestyret: Mistillitsforslaget mot kommunedirektøren fall