Agder Energi med nytt namn
Gjenspegle forretningsideen
Seier konsørnsjef i Agder Energi, Steffen Syvertsen
Det vart nyleg annonsera at Agder Energi bytter namn til Å. Dette er venta å gjeve konsernet mellom 20 og 30 kroner i ekstrainntekter over ein fireårsperiode.
Gjenspegle forretningsideen
-Me ynskjer at publikum skal skjøne kva me faktisk driv med i konsernet, seier Steffen Syvertsen, konsernsjef. Agder Energi var ikkje akkurat forklarande, og me meiner at namnet «Å» vil gjere det mykje tydlegare for publikum kva me syssler med, då dei fleste kan relatere seg til å utbryte «Å! Faen!» når dei åpnar konvolutten med straumreikninga. Det skal også seiast at namnet Agder Energi dei seinaste åra har vorte meir og meir knytt mot landevegsrøveri og grenselaus utnytting av kundane då me har vore – og framleis er i ein monopolsituasjon, fortset han.
-De har regelrett stole og utpressa kundane dykkar?
-Ja, det vil eg absolutt seie at me har. Dette er heilt i tråd med selskapsvedtektene, og me kjem også til å halde fram med dette i åra som kjem då dette har synt seg å gjeve oss svært gode inntekter, svarar konsernsjefen Skinnfodølens utsende, medan han henviser til økonomisjefen i Å, ein kar han berre kallar Mammon for vidare kommentar.
Me kan ikkje anna enn tru at dette vil syne seg som ei god avgjerd for Agder Energi, og håpe at det også i framtida vil vere rom for å få seg ein kaffikopp og ei god røe på konsernsjefens kontor.
